— Eg reiser først og fremst til Veldre for å få ei skikkeleg gjennomkjøring. Eg håper eg skal gå meg inn i diskusjonen om ein OL-plass. Men det er mykje som skal klaffe for at eg klarer å passere det tronge nålauget, seier Bjørnar til Grannar. Vindafjord-løparen må prestere optimalt for å komme i betraktning. Det er nemleg berre to av dei beste 16- og 17-åringane som får reise til Sveits på Norges Olympiske Komite si rekning. Larsen fortel at det i haust var eit mål å kvalifisere seg for det prestisjefylte arrangementet. Den siste tida har han hatt eit meir avslappa forhold. Stortalentet innser at det blir tøft å vere blant dei tre beste begge dagar.
— Det taler på ingen måte til min fordel at uttakingsrenna går så tidleg. Eg trenar nokre renn i kroppen for å prestere. Treningsgrunnlaget har aldri vore så bra. Men det har vore lite snø på Hovden så langt i vinter. Verken eg eller dei andre elevane på skigymnaset har hatt så mange kvalitetsøkter. Eg merkar at det har blitt mykje mengde ettersom eg framleis er tung i kroppen. Føler meg trygg på at det vil lausne etter kvart, seier Larsen.
— Han fekk sitt store gjennombrot på nasjonalt nivå sist vinter. 17-åringen innleia sesongen med å bli nummer to i noregscuprennet på Hovden. Det markerte starten på ein flott sesong for andreårsjunioren.
Har forbetra testresultata
Bjørnar kniva i toppen både i junior-NM og noregscuprenna. Det var også lite som mangla på at han kvalifiserte seg for Nordisk Juniorlandskamp i Estland. Motivasjonen var på topp då han starta oppkjøringa til denne sesongen. Larsen har i sommar og haust trena med kvalitet.
— Eg har forbetra testresultata både på beina og rulleski. Føler eg har tatt eit steg vidare. Dei nærmaste vekene og månedane vil eg få svar på om det treningsarbeidet eg har lagt ned held mål. Fredagens sprint har eg tenkt å stå over. Laurdag er det 7,5 kilometer klassisk. Eitt døgn seinare er det 10 kilometer fristil. Det er ein distanse eg likar, seier Bjørnar.
Skøyting og klassisk
Han har i alle år gjort det best i skøyting. Sist vinter gjorde han store framskritt i klassisk. Det lokale talentet satsar like mykje på begge stilartane. Dagsforma vil mest sannsynleg bli avgjerande for om han gjer det best i klassisk eller fristil. Bjørnar siktar seg inn mot dei åtte beste til helga. Han føler det er ambisiøst nok ettersom kroppen er stinn av trening.
— For meg er dette først og fremst ein sjanse til å få ein fin gjennomkjøring, avsluttar han.
Anbjørg Engeset har ansvaret for den norske troppen som skal til Ungdoms-OL. Engeset, som jobbar i Olympiatoppen, fortel at det blir arrangert annakvart år. Noreg skal sende langrennsløparar, skiskyttarar, alpinistar og curlingutøvarar til Sveits.