Går ut av politikken

I dag fekk ordførar Amund Enge den endelege meldinga om at nominasjonskomiteen i Etne Høgre […]





I dag fekk ordførar Amund Enge den endelege meldinga om at nominasjonskomiteen i Etne Høgre har plassert Roe Lauvås på topp på lista til kommunevalet i haust. Dermed har komiteen vraka Enge etter åtte år i ordførarstolen.

Omsyn til familien
— Eg er ikkje interessert i dette spelet lenger, og eg aktar ikkje å ta ein kamp om førsteplassen på Etne Høgre si liste. Det har eg gitt komiteen melding om. Noko anna enn topplassen er uaktuelt. No tar eg først og fremst omsyn til familien min, og dei gir meg full støtte i at eg ikkje vil meir. Eg vil ikkje utsetje dei for dette presset lenger, seier Amund Enge.

Det er Tora Lilledal som er leiar av nominasjonskomiteen, men Enge vart kontakta av Roar Gundegjerde i nominasjonskomiteen i dag.
— Uansett kva Tora Lilledal seier, så kjende eg ikkje til at Høgre hadde andre kandidatar før folk utanfor partiet fortalde meg det på torsdag. Eg har hatt vondt i magen sidan den tid, men etter at eg har bestemt meg om å ikkje delta i denne kampen lenger, har den vonde kjensla sleppt taket, seier Enge.
Han aktar difor ikkje å slipe sverdet og ta kampen opp på nominasjonsmøtet i partiet. Han ser fram til å gå tilbake til jobben som dagleg leiar i Øyane ASVO AS.

Kommenterer ikkje
Tora Lilledal i nominasjonskomiteen vil ikkje svare på eitt einaste spørsmål når det gjeld listeforslaget, og viser til at det blir sendt ut ein pressemelding seinare i dag.
— Er det ikkje ein merkeleg situasjon at ein nominasjonskomité ikkje vil svare på spørsmål?
— Det er dette vi har bestemt oss for. Har vi noko vi vil seie ut over det som står i pressemeldinga, så tar vi kontakt, seier Lilledal.
Ho har med seg Laila Flatebø, Roar Gundegjerde og Johannes Kringlebotten i nominasjonskomiteen.

Eks-rådmann på topp
Grannar har
ikkje fått stadfesta av nominasjonskomiteen at Roe Lauvås er toppkandidaten på lista. Men det er informasjon som andre kandidatar på lista har fått, pluss ordførar Amund Enge. Fleire kandidatar skal ha vore spurde om dei kan tenkje seg å stille som ordførarkandidat. Men valet fall til slutt på Roe Lauvås som til dagleg arbeider i eit advokatfirma i Haugesund. Lauvås har ikkje tidlegare hatt sentrale verv i Etne Høgre.
Lauvås (59) var derimot Etne kommune sin første rådmann på slutten av
1970-talet.