Gir ikkje opp barnehagar

— Kommunen har gjort eit prinsipielt vedtak om ikkje å privatisere dei kommunale barnehagane. Men […]

— Kommunen har gjort eit prinsipielt vedtak om ikkje å privatisere dei kommunale barnehagane. Men så vidt eg veit, er det er ikkje sett av pengar til investering dersom prosjekta blir dyrare enn venta, seier Arve Kambe, rådgjevar i Trygge Barnehager.
Privat aktuell
Det private selskapet har skaffa seg gode tomter både i Vikedal og Ølensvåg, og i følgje Kambe står søknaden om å byggje og drive barnehagar i Vikedal og Ølensvåg, fast. Trass i at kommunen har sagt nei til privatisering og vedtatt å byggje nye barnehagar i dei to bygdene.
— Søknaden vår står ved lag, og så får vi sjå kva som skjer. Kommunen har knapp tid og vi avventar om kommunen klarer å finansiere desse barnehagane berre ved statlege pengar. Dersom ikkje, trur eg privat utbygging kan bli tema igjen. Dessutan må kommunen få det til i 2007. Det er knapp tid. Våre prosjekt er komne lengst, seier Kambe.
Han trur dei kan byggje barnehagane billigare enn kommunen fordi Trygge Barnehager er eit selskap som fører opp rundt 30 barnehagar i året. Det er difor ikkje unaturleg at dei klarer å gjere denne jobben langt billigare enn kommunen. Difor trur han finansiering kan bli ei overrasking for kommunen dersom planen er å klare seg med statlege tilskot.
— Er det aktuelt for Trygge Barnehagar å byggje og drive barnehagar i Vikedal og Ølensvåg i konkurranse med dei kommunale?
— Det er ein ting vi må vurdere rimeleg raskt. Det er fri etablering av barnehagar. Det kan bli eit spørsmål om foreldra vil bruke kommunen eller oss. I Vikedal har vi skaffa oss ei god og sentral tomt, seier Kambe.
— Underleg situasjon
Stabsrådgjevar for barnehagar i Vindafjord, Per Ivar Ertresvåg, ser ingen grunn til at kommunen ikkje skal klare barnehageutbygginga innanfor dei rammene staten gir for nybygg.
— Eg kan sjølvsagt ikkje garantere noko som helst. Men det er eit klart mål at statlege ordningar skal vere nok. Det er ingen grunn til å tru noko anna, seier Ertresvåg.
Han tar til etterretning at Trygge Barnehager opprettheld søknaden og vil sjå om kommunen kjem i mål med sine prosjekt. Han synest derimot det vil bli ein underleg situasjon dersom kommunen og Trygge Barnehagar skal slost om dei same statlege midlane i Husbanken. Det ville bli situasjonen dersom Trygge Barnehagar tok opp konkurransen med dei kommunale barnehagane i Vikedal og Ølensvåg.