Gjennomslag for barnehage

Kommunestyret fann heller ikkje pengar til opprusting av kyrkja i Vats fram mot jubileet neste […]

Kommunestyret fann heller ikkje pengar til opprusting av kyrkja i Vats fram mot jubileet neste år. Debatten om drift og investering i kommunen i 2005 gjekk i eit par timar, og fleire politikarar sa seg leie for at ikkje meir var avklart før budsjettmøtet tysdag. Politikarane var i grove trekk samde om fire prioriterte område på investeringssida: barnehagen i Sandeid, Vindafjordhallen, skytebanen i Vats og kyrkja i Vats. Men med store utfordringar på inndekningssida, meinte fleirtalet i kommunestyret at tre av prosjekta måtte vente.
Oppmoda til realisme
— Vilje til både symjehall, skytebane og kyrkjemåling er der, men skal me vere realistiske må me innsjå at me ikkje har pengar. Barnehagen er det einaste me kan diskutere, meinte Anita Heggebø (Ap).
Ho slutta seg til forslaget som Anbjørn O. Stople la fram på vegner av Ap og Sp om finansiering av eit nytt tilbygg til barnehagen i Sandeid, men stemte mot eit tilleggsforslag frå same gruppa om 200.000 kroner i tilskott til Vindafjordhallen. Vindafjordhallen tapte avrøystinga med ni mot ti stemmer.
Stople la fram forslag til løysing på barnehagesituasjonen i Sandeid som inneber låneopptak på 950.000 kroner. Der hadde han kalkulert inn ein totalkostnad på tilbygget på 3.1 millionar kronar, men meinte det var grunnlag for å trekke 2.15 millionar kroner frå dette – eit beløp som inneheld tilskott frå staten, reduserte utgifter på drift og utstyr ved å knyte nybygget til den gamle avdelinga, i tillegg til inntekter ved sal av Kamillahuset.
Spelte høgt
Stople måtte tåle kritikk for dårleg kvalitetssikring av tala han la fram.
— Eg er samd i at når det gjeld barnehagen i Sandeid, så må me berre gjere noko. Men eg er skeptisk til tala Stople legg fram, sa Ottar Ohm (SVTL).
Han minna også om at alle lånebeløp over ein million kroner må godkjennast i Ølen kommune. KrF og SVTL (tverrpolitisk liste for Skjold og Vats) la fram felles framlegg til endringar i formannskapet si budsjettilråding. Dei ville investere ein million kroner på barnehagen i Sandeid og 200.000 kroner på opprusting av Vats kyrkje. I tillegg ville dei to partia halde på tilskottet til symjeopplæringa og styrke rammetilskottet til skulen.
Oddvar Haugland (KrF) kritiserte Høgre for å spele for høgt i deira forslag om 500.000 kroner til Vindafjordhallen, 200.000 kroner til Vats kyrkje og 200.000 kroner til Vindafjord skyttarlag, i tillegg til fullfinansiering av Sandeid barnehage.
— Det er på lønnspostane me kan hente inn, og dette er det ikkje tatt høgde for i budsjettet, argumenterte Dagfinn Torstveit (H).
Tove Lise Frøland (KrF) var sterkt kritisk til at kommunestyret ikkje fann pengar til opprusting av Vats kyrkje.
Blir tøffe år
— Det må sterk lut til for å komme i mål, sa Ottar Ohm, som meinte det kom til å bli tøffe år framover, og han rosa ordførar Reidar Håvås for å ha tatt innover seg budsjettalvoret.
Med ti røyster fekk Håvås fleirtal for eit forslag til alternativ inndekning etter at Fylkesmannen stakk kjeppar i hjula for rådmannen sitt forslag om avdragsutsetjing.
Ordføraren finn at kommunen kan dekke inn 3.1 millionar kroner ved mellom anna å realisere tidlegare vedtak om sal av eigedomar, fjerne tilskott til Vindafjordhallen og til symjeundervisning, samt bruke mindre pengar på undervisningsmateriell. Den største innsparinga i drifta kjem likevel gjennom redusert kursverksemd, redusert vikarinnleige ved kurs, redusert varekjøp, i tillegg innsparing ved vakante stillingar.
— Budsjettet blei ikkje utvida. Dette er det mest ansvarlege budsjettet me kunne få til, og eg trur også dette vil gje den beste starten for den nye kommunen. Me har greidd det med realistiske tal, kommenterer ordføraren.