Etne Sand og Pukk AS krev 138.263 kroner av Etne kommune, for oppveging og uttak av massar, som er gjort av Åsbø Sanddrift AS ved utgravinga av den provisoriske tilkomstvegen våren 2002.
I eit brev til kommunen grunngjev Etne Sand og Pukk AS kravet med at dei hadde avbassa og klargjort ein eigedom for uttak då dei vart stoppa og Åsbø Sanddrift AS byrja sitt uttak.
«Difor undrar vi oss på kvifor vi ikkje har fått oppgjør for denne massen, noko som sikkert også gjeld grunneigarane og det oppgjøret dei skulle hatt. … Vi finner det merkelig at vi ikkje får oppgjør for fullverdige massar, sidan Åsbø Sanddrift AS ikkje har tilstrekkeleg god nok produksjon eller ustyr til å nytta massane», skriv dei i brevet.
Saka er avslutta
Odd Inge Vestbø i Etne kommune er litt oppgitt over kravet frå Etne Sand og Pukk AS. For kommunen sin del er denne saka avslutta.
— Me har sendt Etne Sand og Pukk AS eit svarbrev, der me avviser kravet. Etne Sand og Pukk AS har fått erstatning for ulempene dei opplevde i samband med Åsbø Sanddrift AS si etablering i området for å få tilkomst til massane. Skjønnet frå lagmannsretten er rettskraftig og fastset samla erstatning. Dette skjønnet må Etne Sand og Pukk AS respektera. Dersom dei ynskjer å gå vidare med dette, må dei få fram nye opplysningar og anka saka. Dei prøvde dette i vår, men Høgsterett avviste anka sommaren 2006, seier Odd Inge Vestbø i Etne kommune.
Vurderer søksmål
— Det er litt gale at ein i tillegg til å bli fråtatt massar, som vert gjeve til konkurrenten, ikkje får betalt for det. Me har tidlegare fått erstatning, men ikkje for desse massane denne saka gjeld. Me vurderer å ta ut nytt søksmål mot kommunen, seier Harald Ekornrud, dagleg leiar i Etne Sand og Pukk AS.