God nok – eller god middag?

Investeringane for å gå over til denne ordninga kjem til å liggja på rundt 3 […]

Investeringane for å gå over til denne ordninga kjem til å liggja på rundt 3 mill. kroner.» Er dette ein «vanleg communal» kalkyle? I så fall må de ta høgd for at kostnaden kan verta dobla!!                                            
I dag skriv Grannar at formannskapet har hatt møte, og at fleirtalet der har funne ut at oppvarma mat er god nok for dei eldre i Vindafjord dersom kommunen sparer pengar på det.
Slik dei fleste forstår dette uttrykket, betyr det at maten  ikkje er god nok dersom ein ikkje kan  spara noko. Formannskapet har utsett avgjerda til den 19. april. Då vil det liggja føre nye kostnadsoverslag. Kan me stola på at overslaget vert rett denne gongen? Kven står ansvarleg for å dekkja meirkostnaden som heilt sikkert kjem?
Me har gjennom alle tider sett at dersom politikarar vil ha gjennom noko som kostar pengar, kjem dei med eit prisoverslag som vanlegvis ligg på halvparten av den reelle kostnaden, men når prosjektet så er sett i gang, er det vanskeleg å stoppa det.
I Etne har det etter referat i Grannar den 20. februar storma rundt spørsmålet om nye måtar å handsama maten til eldre på. Det same skjedde i Bergen. Politikarane «tok til vitet» og bestemte seg for GOD MAT  til dei eldre, og ikkje god nok.  Så står det vidare å lesa: «Men i Ølen er det ingen synlege protestar mot den nye metoden å handtere mat på der middagen blir kokt, kjøla ned og servert opp til fleire dagar seinare i oppvarma tilstand». Våre politikarar må leva i si eiga verd når dei ikkje har fått med seg at motstanden mot oppvarma mat er stor i kommunen. La oss visa dei at det også  i Vindafjord er mange som er mot «nyordninga» med at me
DEN 28. MARS MØTER OPP PÅ FORMANNSKAPSMØTET OG GIR TIL KJENNE KVA ME MEINER!!!
 
 Ølen, den 27. februar 2006 
Harald Heggebø