God start på haustsesongen

4. divisjon avd. 2 Ølen Stadion GrannKam Vindafjord – Kolnes IL 5-2 (3-2) 0-1 (4. […]

4. divisjon avd. 2
Ølen Stadion
GrannKam Vindafjord – Kolnes IL 5-2 (3-2)
0-1 (4. min)
1-1 (10. min) Erik Reistad
2-1 (11. min) Sigbjørn Tysvær
2-2 (25. min)
3-2 (38. min) Espen Vaka
4-2 (75. min) Tore Christiansen
5-2 (85. min) Tore Christiansen
Gule kort: Eit kort til Kolnes-spelar
Dommar: Kåre Pedersen, Haugesund

Det er alltid jamt og mykje kriging ute på banen i 4. divisjonskampane, og lite skal til for å avgjere poenga. Kolnes IL hadde før måndagens kamp berre eitt poeng på dei siste 12 kampane, men viste seg å vere betre enn det poenga tilseier.
Etter berre fire minuttar gjekk bortelaget opp i leiinga, men leiinga heldt ikkje lenger enn sju minuttar då kampen vart snudd.
Larsen tilbake
— Det var skikkelig hardt ute på banen, me måtte krige til siste slutt, seier Magnar Larsen.
Etter eit lengre skadefråvere var Larsen endeleg klar for kamp igjen. Frå venstrekanten kom han med innlegg etter innlegg, og med litt meir hell frå spissane kunne det blitt mange mål.
— 3-2 betyr tre poeng til oss, og null til dei. Dette må me halde ut, seier Frank Abelseth til spelarane sine i pausen.
Den første halvtimen av andre omgang var prega av mykje dårleg spel og midtbanen lausna opp.
Lausna mot slutten
Oppe på topp var Espen Vaka på fleire løp og runda tre-fire spelarar på rekkje og rad, men måla kom ikkje før Tore Christiansen vart bytta inn. Den hovudsterke spelaren heada ballen inn frå eit hjørnespark, sjanselaust for Kolnes-keeparen. Etter målet lausna det meir for heimelaget og det kunne fort blitt tre og fire mål i andre omgang. Fem minutt før slutt runda Vaka heile forsvaret til Kolnes, og uegoistisk la han ballen til Christiansen som nesten kunne gå ballen i mål.
— Eg hadde ikkje venta å score mål i dag, eg har jo ikkje spela fotball på halvannan månad. Men nå skal me trene godt i veka og få poeng borte mot Skudenes, seier tomålsscoraren.
— Me må ta ein kamp om gongen og luke vekk dei feila me gjer. Det er alltid noko me kan gjere betre, legg Magnar Larsen til.