Og medan nokon la sjela si i å vinne ballen, var andre meir opptekne av å smile fint til mamma eller pappa på sidelinja, fotballen kom i andre rekke. Men felles for alle som deltok i Vikeputten var at dei kosa seg og hadde ein flott dag.
— I år har interessa vore formidabel. Me har til og med lag på venteliste, fortel cupgeneral Rune Hetland.
— Med så stor påmelding blir det dei som melder seg på først som kjem med, og me har senka den øvre aldersgrensa frå 14 til 12 år for å få med flest av dei yngste. Dette skal vera eit arrangement for dei minste der det å ha det gøy er viktigast. Og etter at alle har spelt tre kampar får dei medalje, kven som vinn er det ingen som held styring med.
Mykje is, litt fotball
Sidan vêrgudane viste seg frå si beste side denne dagen, var køen framfor iskiosken alltid lang, og salet av brus gjekk strålande.
— Det er godt med is, men kjekkast å få spele fotball, seier Kasper Arnestad og Thomas Kirketeig frå Ølen sin 7-årslag.
Dei to venene kosar seg med kvar sin is medan dei heiar på eit av dei andre Ølen-laga.
Litt lengre borte på banen står ei lita jente og vaktar målet for laget sitt. Maria Økland på sju år frå Ølen spelar sine første kampar denne dagen, og no er det hennar tur til å stå i mål. Keeperhanskane er fleire centimeter for lange på fingrane, og ho er ikkje heilt sikker på om det er lurast å stå heilt inne i mål eller litt utanfor.
Spent på målstreken
— Det er kjekkast å få stå i mål, og eg likar å vera keeper, seier Maria Økland etter kampen.
— Det ser ut som om ho trivest. Ho har trena fotball ein gong i veka sidan årsskiftet, så dette er dei første kampane, seier mamma Ruth Økland.
Familien er på Vikeputten for fyrste gong og dei stiller som så mange andre opp med heile familien og gjer dagen til ei familieutflukt.
På bane to møter Nedstrand Vats. Her er det mange duellar og spelarar som trass i sin unge alder viser gode takter. Dei går i tøffe angrep og er ikkje redde for å kaste seg etter ballenetter kopi frå andre fotballstjerner.
Stort apparat
Det er i år sjuande året med Vikeputten i så stor skala. Og interessa aukar for kvart år. Under årets cup var det rundt 600 born som deltok, og med stort og smått som var innom Vikebygd denne dagen, reknar arrangøren med eit besøkstal på rundt 1.500. Med så mange folk er det eit stort apparat i sving for å få alt til å gå rundt. Under laurdagens arrangement var det om lag 60 frivillige som gjorde ein innsats, og dette er cupsjef Hetland svært glad for.
— Folk er grådig flinke til å ta ansvar, dei stiller opp år etter år. Det er imponerande, seier Hetland.
— Det første året gjekk me med underskot og så vart det null, men no sit me att med ein fin vinst. Dette brukar me til opprusting av anlegget, og me har Vikeputten å takka for den flotte ballbingen vår. Det er ikkje vanskeleg å få brukt opp pengane for å seie det sånn, smiler Hetland.
— Det er også fint at våren kjem så tidleg her i Vikebygd. Me er svært stolte av at alle årets kampar føregår på grøne og fine grasbanar.