Gondol-bane i Åkrafjorden

I Bergen har me ”Ulriken”, som også skal vera ein fantastisk oppleving å reisa med. […]

I Bergen har me ”Ulriken”, som også skal vera ein fantastisk oppleving å reisa med. Spesielt etter at det blei ein annan leiar eller ansvarleg for banen.
Ifølgje ordførar Amund Enge sine spådommar både i media og på NRK lokal skal det bli ein gondolbane med noko attåt i Åkrafjorden. Investorar skal allereie vera klare med pengepungen open. Det skal visst vera den store etterspurnaden etter vatnet som renn ned Langfoss som skal vera med på å finansiera prosjektet. Ein vil oppleva ei god gamal pilegrimsferd for dei som har behov for vatnet. Det blir som i gamle dagar, og det blir heilt sikkert slik at heile fjorden reiser seg til slutt. Får berre ikkje håpa at vatnet renn same vegen som prosjektet Sjøtunet A/S.
Etter som eg forstod har folket i fjorden vore storbrukarar at vatnet i Langfoss. Dette fordi det var store ungeflokkar fleire plassar. Men det er vel med vatnet i Langfoss som med andre ting; det er ikkje alltid det fungerar. Men eg forstår det slik at det er nokon som har prøvesmakt, og verknaden har vore så enorm at heile fjorden er sett i rørsle til liks med alt anna.
Kanskje ein må skifta namn på ein del plassar etter verknaden av vatnet i fossen. Det verste som kan henda er vel at vatnet skiftar retning og for opp i staden for å renna ned. Ja dette skal bli moro.
Det er ikkje måte på tankar kring vatnet som skal seljast som eldvatn med Viagra i, i spesiell flaskeutforming som tydeleg skal visa kva ein får i seg. Eg vil tru det blir eit stort behov for å bruka han som eg forstår har prøvesmakt, og som kan uttala seg om verknaden om dette naturproduktet. Til alt dette får ein ei fantastisk utsikt frå ein god utsiktsplass som famnar over ein fantastisk fin fjord og mot breen Folgefonna. Ja då trur eg ein har fått med seg noko i livet ein seint vil gløyma.
Får berre ikkje håpa ein startar i feil ende. Men utfordringa er heilt fantastisk, med fossen og Eljarvik som eit blikkfang. Lykke til med vatnet, fossen, gondolen og gleda med og hjelpa dei som kjem til fjorden som pilegrimar, med spesialvatn i spesielle flasker, også med tut.

Ove Wiland, Skånevik