På vegner av heile redaksjonen ynskjer eg å senda ei julehelsing til alle i kommunane Etne og Vindafjord, og til alle våre lesarar andre stader i inn- og utland.
Lokalavisa di vil koma ut med eit siste nummer i 2008, onsdag 31. desember. Der kan du blant anna lesa om spådomane for neste år frå den utflytta etnebuen, tidlegare finansminister og oljedirektør Gunnar Berge.
Skjer det større hendingar i julehelga vil me prøva å halda deg orientert på grannar.no.
Helsing redaktør Arne Frøkedal.