Gratulere Etne med Erling Skakke og konjakken

Eg vil tru Etne kommune viste kva dei gjorde då dei sendte representanten frå Etne […]

Eg vil tru Etne kommune viste kva dei gjorde då dei sendte representanten frå Etne til vikingleiren på Karmøy for å kunne læra og leva som ein viking. Der fekk dei alt med seg, både mjøden og konjakken, vil eg tru. Det må ha vore ei stor oppleving å få nytta lærdommen frå Karmøy, sjølv om det vert påstått at det ikkje gjekk rett for seg. Der nokon kunne bli påverka, av marknadsføringa av denne fantastiske mjøden eller konjakken som blei lansert.
Eg lurer på kor mange stjerner den har fått, eller vil få. Det skal bli spanande og sjå. Eg får seia som han som svara ein påverka reisande som skulle med ferja frå Skånevik til Matre. «Går ferja til Matre i kveld? Nei, svara matrosen. Ja, men det er nå stjernestopp, svara passasjeren. Det er nå stjerner på himmelen og, men me går ikkje dit heller, svara matrosen.»
Det same er det vel med konjakken òg, ser det ut for. Med vinen vil eg tru det blir noko anna når den blir marknadsført. Det heiter jo av «skade blir man klok». Kanskje det blir krigarane og trælane som får dette oppdraget med marknadsføringa. Når ein ser attende til desse skumle vikingane, som blir marknadsførte som krigarane frå Etne, vil eg tru dette må vera ei fantastisk historie og ta fatt i for Etne kommune der ein kan kjøpa desse edle dråpane som betyr så mykje når ein set til livs dette fantastiske produkt, som blir produsert gjennom ein pitte-liten produsent der ned i Frankrike, til dei store «tankane» her oppe på det norske vestland.
Det enklaste å marknadsføra er vel vikingbrødet. Brødet til vikingane frå Etne. Korleis vil dette sjå ut, eller ser ut? Storleiken på brødet, korleis den er, om den ser ut som ein vanleg «stomp», eller blir den meir lik dei franske brøda, lange og smale? Ein får vel sjå kva som kjem. Vikingane var dei fyrste som laga pizza, tru det eller ikkje, men det er i alle fall tilfelle. Dei laga ein deig av vatn og mjøl, hadde noko kjøtt og anna oppå, og steikte dette på varme heller. Så kanskje får me smaka vikingpizza frå Etne ein gong i framtida.
Lykke til Etne kommune, vær lovlydig og ryddig. Det svarer seg å satsa sjølv om ikkje alt går rett for seg ifølgje ordlyden i Grannar. Men ein har i alle fall prøvd å gjera noko, og det må vera det viktigaste.

Ove Wiland
Skånevik