— Me veit ikkje kva årsaka til brannen er enda. Dagen etter brannen var det altfor varmt på åstaden til at me kunne gjera våre undersøkingar. Branntomta var heller ikkje sikra, det er noko me må gjere i samarbeid med forsikringsselskapet. Me har avgjort at me skal ta oss ein runde på åstaden på fredag, seier lensmann Ingvar Gjærde.
Lensmannen fortel at både politiet og paret som budde i huset har ei formeining om kva som har vore årsaka til brannen, men at det er altfor tidleg å gå ut med desse opplysningane.
Det var Helene Frøyland (27) og Michael Jensen (34) som mista alt dei eigde då huset deira vart totalskadd i brann natt til tysdag i Haraldseidvågen i Skjold.
Paret vakna av røykvarslaren og berga seg ut frå det brennande huset på eigen hand. Til alt hell var tvillingane på seks år bortreist.
Liten kapasitet
Varabrannsjef Oddvar Krakk var saman med tolv andre brannmenn med på sløkkingsarbeidet.
— Me fekk melding om brannen 01.07, og var på staden 01.20. Då var huset allereie overtent. Det var brent hol i taket og flammane slikka ut av vindauga i 2. etasje. Sidan det ikkje stod om liv konsentrerte me oss om å halda brannen i sjakk, og unngå at den spreidde seg til uthuset og området rundt, seier Oddvar Krakk.
Varabrannsjefen fortel at det ikkje er optimale sløkkingsforhold i Haraldseidvågen og i området utover mot Toraneset.
— Vassleidningen som går i det området har altfor liten kapasitet. Dersom det hadde stått om liv i dette tilfellet hadde me måtta henta vatn i frå elva, og eventuelt ein tankbil frå ein annan brannstasjon, seier han.
Brannmannskapet avslutta sløkkingsarbeidet i morgontimane, og var tilbake på brannstasjonen klokka 07. 00.
Melde frå sjølv
Politiet fekk melding om brannen klokka 01.06 natt til tysdag. Det var huseigaren sjølv som melde frå om brannen og at dei som var i det brennande huset hadde klart å koma seg ut. Paret mista alt dei eigde i brannen, og er sterkt prega av hendinga.
— Dei var åleine i huset og hadde vakna av at røykvarslaren i 2. etasje slo ut. Dei oppdaga då opna flammar og kraftig røykutvikling frå eitt av soveromma, fortel operasjonsleiar Johan Inge Særsten ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Har formeining om brannårsaka
— Me veit ikkje kva årsaka til brannen er enda. Dagen etter brannen var det […]