— Det ser ganske bra ut no, og brannen er under kontroll. Men det er behov for å ettersløkkje i heile området, sa lensmann Ingvar Gjærde midt på dagen i går.
Han var letta over at flammehavet hadde lagt seg og den verste jobben såg ut til å vere gjort.
Lang ettersløkking
Brannsjef Tor Gunnar Skaar i Vindafjord reknar med at dei må ha mannskap i området i ei god stund framover dersom det ikkje kjem regn. Meldingane i går tyda på at det kan kome regnbyer på fredag.
— Det kan blusse opp igjen og det er uråd å seie noko om kor lenge vi må vere i området. Ettersløkkinga tar tid så lenge det er så tørt som no, seier han.
Vindstille netter med lågare temperaturar var med på å stagge brannen. Kva som kan skje dersom det blir meir vind, har Skaar ingen svar på.
— Det er umogleg å spå om det. Men eg meiner vi har full kontroll no, seier Skaar.
Store styrkar
Også i går var store mannskap frå Heimevernet i Suldal, Sivilforsvaret og det lokale brannvernet i aksjon i heile brannfronten for å ettersløkkje.
— Det er totalt 75 personar plassert ut i brannfronten for å ettersløkkje. I tillegg har vi helikopter som fraktar mannskap og deltar med sløkking. Difor føler vi at vi har full kontroll, sa brannsjef Tor Gunnar Skaar i Vindafjord i går.
Helikopter skal ikkje delta i ettersløkking, og det var Hovudredningssentralen som avgjorde kor lenge helikopter skulle delta i sløkkinga i går. I tillegg til skoghelikopter, har to militære helikopter deltatt i store delar av sløkkjearbeidet.
Helikopter avgjerande
— Vi kunne ha takla brannen meir effektivt med meir helikopterhjelp. Men vi må seie oss nøgde med det materiellet vi har fått. Både til sløkking og til å flyge mannskap opp i fjellet, seier Skaar.
Både Tysvær, Etne og Karmøy har deltatt med brannmannskap, og på måndag og tysdag kom det nærmare 60 HV-soldatar frå Sauda. I tillegg har Sivilforsvaret deltatt, pluss eigne lokale krefter
— Det er uhyre viktig å få denne hjelpa utanfrå i ein brann av dette omfanget, seier Skaar.
Brannen vart meldt klokka 15.00 søndag ettermiddag, og den vart konstatert under full kontroll på føremiddagen i går. På det mest dramatiske var ei redningsskøyte rekvirert til Gangstø i tilfelle det vart behov for evakuering sjøvegen.
Har kontroll, men kan blusse opp igjen
— Det ser ganske bra ut no, og brannen er under kontroll. Men det er […]