Hatteland til topps i handel

Det er ikkje kvar dag Jakob Hatteland stiller opp der sjansen for å få blitzregnet […]

Det er ikkje kvar dag Jakob Hatteland stiller opp der sjansen for å få blitzregnet retta mot seg sjølv er overhengande stor. Tysdag gjorde han eit unnatak. Eit stort unnatak.

Deler æra
— Me hadde ein fin dag i hovudstaden, og eg skal ærleg innrømma at programmet i konserthuset var både storslått og spennande. Om eg er nøgd med prisen som årets beste vekstskaper i klassen for handel? Er du galen? Klart me er nøgde med noko slikt. Eg hadde ikkje tanke for at det skulle bli prisar i det heile, fortel ein blid og som vanleg kortfatta Hatteland.
— Dette handlar ikkje om meg. Men om alle som arbeider for oss heime i Nedre Vats. Meir får du vel ikkje ut av meg, smilte 54-åringen, og viste til at divisjonssjef Knut Vidar Lauritsen sikkert kunne spe på med ytterlegare informasjon.

Mange godord
– Han er mykje flinkare til å prata og formulera seg enn meg, prøvde seriegründaren seg. Men det var no likevel sjefen sjølv pressa ville ha tak i denne kalde og klare novemberkvelden i hovudstaden.
Frå oppstarten heime i Åmsosen i 1971, har Jakob Hatteland bygd stein på stein. Til det som i dag framstår som ei gruppe med selskap som alle klarar å hevda seg både nasjonalt og internasjonalt. Juryen sa mellom anna følgjande om Jakob Hatteland då han fekk den gjeve prisen for handel.
— Han har alltid hatt eit sterkt fokus på lønsemd, og vore langsiktig i all si framferd. Han har vist at det er mogeleg å tena pengar på lokal kompetanse i ein internasjonal marknad. Alle produkta og tenestene frå Hatteland har frå første dag vore tufta på nyskaping i kombinasjon med høg kvalitet og internasjonalt fokus. Lokal produksjon og internasjonal distribusjon har også vore eit varemerke for Hatteland.

Fleire lokale
Direktør ved Handelshøgskolen BI, Herman Kopp, delte ut handelsprisen.
Westcon og Ølen Betong hadde også kvalifisert seg til den store finalen i Oslo Konserthus, men nådde ikkje heilt opp i den sylskarpe finalerunden.
— Det var kjekt å få ta del i dette arrangementet. Inspirerande å få møta så mykje flinke og innovative folk, og ekstra kjekt at naboane våre i Vats gjorde det så bra, meinte dagleg leiar i Westcon, Øystein Matre.
Medan Hatteland-gruppa i all hovudsak opererar innan high tech og it, var det til slutt lakseoppdrettsfirmaet Salmar frå Frøya som vart den nasjonale vinnaren i Ernst & Young Entrepreneur of the Year 2005. Selskapet har i dag ei årleg omsetjing på kring ein milliard kroner, eit overskot på 200 millionar og kring 315 tilsette. Ingen tvil om at det er i utkantane av landet vårt den store verdi- og vekstskapinga skjer.