Heil sesong utan tap

Viste musklar I 2. omgang var det tydeleg at jentene frå Skånevik hadde bestemt seg. […]

Viste musklar
I 2. omgang var det tydeleg at jentene frå Skånevik hadde bestemt seg. Ingenting anna enn siger var godt nok i seriens avslutningskamp på heimebane. Det oste av innsats og stå-på-vilje blant jentene. Berre fem minuttar ut i omgangen fekk heimepublikummet sjå kva laget er gode for. Margrethe Tungesvik dunka inn 1-0 scoringa til vill jubel frå både lagvenninner og publikum.
At jentene er vane med litt tøffe tak, var ikkje vanskeleg å sjå. Jentene frå Skånevik var det nødvendige hakket tøffare og sterkare enn gjestene. Halsnøy gav aldri opp, og kampen var spennande. Men Halsnøy-jentene måtte til slutt gje tapt for overmakta. Knallsterke Heidi Hus punkterte kampen fem minuttar før slutt med 2-0 scoringa si.
Feira seriegullet med kake
Jentene hadde i realiteten vunne serien for lenge sidan. Men det var tydeleg at jentene ikkje slappa av for det. Å avslutta med siger på heimebane, før dei skulle feire seriegullet med kake, var viktig både for heimepublikummet og spelarane sjølv.
Det er aldri kjekt å tape! Korleis eit tap kjennest veit for så vidt ikkje Skånevik-jentene noko om, for dei har ikkje hatt eit einaste tap denne sesongen. Laget har vore heilt suverent, det viser også tala på tabellen. Halsnøy på andreplass ligg heile 13 poeng bak.
Trenar med gutane
— Me har eit knallgodt lag, og det er nok ingen ulempe at jentene trenar med gutane. Det gjer dei både tøffare og sterkare. Me har nokre spelarar som er nokre ekte råskinn, og som slett ikkje takkar nei til ein tøff duell med verken gutar eller jenter, sa ein nøgd trenar Svein Sævareid.
Dei fleste av jentene spelar også handball om vinteren og det gjer dei mykje betre rusta kondisjonsmessig til fotballsesongen enn andre lag.
– Me har berre eit uavgjort resultat denne sesongen, og det var mot Halsnøy som me møtte i dag, elles har det berre vore sigrar. Det må me jo vera nøgde med, gliser Svein Sævareid.