Dagfinn Torstveit (H), Oddvar Haugland (KrF) og Terje Halleland (Frp) er utfordrarane til dei sitjande ordførarane i Vindafjord og Ølen i det direkte ordførarvalet. Dermed stiller alle dei politiske partia som har liste, med eigen kandidat i det direkte ordførarvalet.
Det er ein historisk valkamp sidan to kommunar slår seg saman.
To folkemøte
Den felles valkampen blir opna laurdag 20. august i Skjold der alle dei politiske partia og bygdelistene deltar. Deretter blir det valkamp i Vikedal, Sandeid og Ølen dei neste tre laurdagane før valdagane søndag 11. og måndag 12. september.
Det er planlagt følkemøte i Vindafjordhallen torsdag 25. august og i Ølen samfunnshus måndag 5. september. I Vindafjordhallen skal alle partia og listene delta, medan møtet i Ølen blir ein rein ordførarduell. Tidlegare redaktør i Haugesunds Avis, Ragnar Larsen, skal ha regien i begge debattane.
Personval
— Dette er eit felles program vi er samde om, men eg reknar med at det vil skje noko i fleire bygder. På folkemøta har vi ikkje lagt opp til spesielle tema, og det blir stands og valkamp før og etter sjølve debatten for å møte veljarane, seier Bergsvåg.
Han opplyser at dei fem ordførarkandidatane er utfordra spesielt til å delta med appellar i dei fire bygdene som er blinka ut for felles stands og valkamp.
— Vi har erfaring med direkte ordførarval i Ølen, og tilbakemeldingane er positive. Det skapar større engasjement og interesse for valet når veljarane kan stemme på ein person. No er det også nye folk frå den andre kommunen som veljarane sikkert vil høyre på, seier Bergsvåg.
Det er første gongen vindafjordingane deltar i direkte ordførarval. Det er svært lite sannsynleg at ordførarkampen blir avgjort i første valomgang sidan kravet er over 50 prosent av stemmene. Dermed er det ganske sikkert at det blir ordførarfinale med nytt val 19. september.
Effekt av stortingsvalet
Ordførar Reidar Håvås i Vindafjord er ganske sikker på at det blir ei høg valdeltaking i den ekstraordinære kommunevalet som skal gi nye Vindafjord ny ordførar og nytt kommunestyre. I tillegg til det direkte ordførarvalet, meiner han det parallelle stortingsvalet vil dra deltakinga opp.
— Stortingsval ligg 10-15 proå idrettsdag ]]> http://www.grannar.no/