Helgetrafikk gir meir handel

Rema 1000 Etne omsette i 2005 for 23 millionar kroner netto (utan moms). Det tilsvarer […]

Rema 1000 Etne omsette i 2005 for 23 millionar kroner netto (utan moms). Det tilsvarer ein auke på 9,5 prosent.
— Det er kanonbra. Me er veldig, veldig nøgde med omsetninga isolert, seier Jan Lysne, Rema 1000-kjøpmann i Etne.
Noko av omsetningsauken i 2005 skuldast i følgje Lysne ølsalet. Første halvdel av 2004 selte ikkje butikkane i Etne øl.
— Me hadde ein fenomenalt god sommar. Når me ser bort frå rekneplussen på øl, er det siste halvdel av året som står for auken, seier Lysne.

Meir trafikk
Dei store utfartsdagane til fjells går ikkje umerka for seg hos Rema 1000, og Lysne meiner at forbipasserande utgjer store delar av veksten.
— Me er veldig avhengige av turisme og plasseringa ved vegen. Når det er fint ver og godt skiføre, gir det meir pengar i kassen vår, seier Lysne.
— Ein del av veksten trur eg også skuldast trafikken. Det er stadig meir bygging på fjellet og folk kjører forbi om fredagen. Det er ikkje tvil om at det er positivt for oss, seier Lysne.
— I og med at me er i ein marknad der innbyggartalet går ned, seier det seg sjølv at veksten kjem frå kundar som kjører hit frå andre stader eller folk som kjører forbi som skal på fjellet. Men viss dei andre har tapt, kan forklaringa vera lokalbefolkninga, seier Lysne.

Laurdagshandelen aukar
Det ser derimot ikkje ut for at lokalbefolkninga har vendt Spar Etne og Coop Prix ryggen. Begge butikkane melder om omsetningsauke i 2005.
Spar omsette for 25,5 millionar netto i 2005, og det inneber ein auke på ca. seks prosent.
— Me er rimeleg tilfreds, seier dagleg leiar Ole Mæhle. Han meiner at veksten stort sett kjem frå lokalbefolkninga.
— Det er ingen tvil om at utover fredag ettermiddag er det meir folk her som me ikkje kjenner enn elles, men eg føler eigentleg at handelen har stige litt dei andre dagane, og det må skuldast lokalbefolkninga, seier Mæhle, som meiner at folk sin gode økonomi verkar inn på handelen.
I følgje Mæhle er veksten spreidd gjennom heile året.
Han seier at laurdagshandelen har auka sterkt sidan i fjor haust.
— Laurdagshandelen har i snitt auka med 20 prosent, seier Mæhle.
Coop går ikkje ut med tal frå enkeltbutikkar, og Tore Klovning, administrerande direktør i Coop Haugaland, seier dette om Coop Prix Etne:
— Me har ein vekst som ligg godt utover prisstiginga og volumveksten. Den er utrekna til tre prosent og me har godt over det doble av den. Me har ein større vekst enn det marknaden skulle tilseia, seier Klovning, som meiner at dette hovudsakleg skuldast lokalbefolkninga.
Også fleire andre kjedebutikkar i distriktet hadde ei svært positiv utvikling i 2005. Spar LR Christophersen AS i Skånevik hadde ein omsetningsauke på 11 prosent. Butikken omsette for 17 millionar kroner netto, i følgje dagleg leiar Alf Warloe Christophersen.
Kiwi Ølensvåg hadde ein vekst på snautt 10 prosent. Regionsjef Trond Inge Larson i Kiwi Rogaland vil ikkje gå ikkje ut med omsetningstala.
Omsetninga ved Coop Mega i Ølen var i 2005 omtrent som året før, fortel dagleg leiar Jostein Lunde.