Helse i kvar blom

Nokre av buskane nærmar seg to meter, og kvite blomar store som tallerkenar er i […]

Nokre av buskane nærmar seg to meter, og kvite blomar store som tallerkenar er i ferd med å få overtaket på dei grøne blada. På denne tida av året står svarthyll som ein protest mot namnet sitt, kvit og fager. Rundt Sankt Hans er det vanleg å hauste inn blomar, men det blir litt seinare i år på grunn av ein kald juni. Men skal det bli bær, må det stå blomar igjen.
Saft av blom og bær
— Dei fleste blir overraska når dei får høyre at ein kan bruke både blom og bær. Det var nytt for oss også då vi gjekk i gang med å plante. Både blom og bær er gode til saft, og det er vanleg å blande, fortel Inger Bjordal.
116 buskar står på rekkje og rad og ventar på å opne seg for sol og varme. Buskane kan bli opp til fire meter høge, og blir nesten som tre. Inger Bjordal skal halde dei nede for at dei skal vere enkle å hauste og stelle.
— Du treng verken stå i stige eller krype på kne for å hauste inn av desse buskene. Meir ideelt går det ikkje an å få det, seier ho.
Frå plantefeltet på Svendsbøe i Vikebygd går blomane til Rogaland Konservefabrikk (Hervik) som blandar med importerte bær for å få ei smakfull saft. Bæra som mognar ein gong ut i september eller oktober, endar opp på kjøkkenet på garden.
Folkemedisin
Det er svarthyll som blir brukt til føde, medan den raude er giftig. Svarthyll finst ikkje naturleg i den norske floaren, og vart truleg tatt inn til landet i mellomalderen. Halsnøy Kloster er eit døme på at munkar tok med seg planten til Noreg for medisinsk bruk.
Etter kvart er den blitt viltveksande på same måte som raudhyll.
For Bjordal er svarthyll næring, men ho er fascinert av bruken, historiene og mytane rundt busken.
— I folketrua var hyll eit heilagt tre som vart tilbedd. Ein busk ved huset var til hjelp for fødande og verna om barna. I Edda står det at har ein hyll, honning og kol, så har ein ikkje bruk for doktor. Det er og sagt at den kan lækje 70 sjukdommar. Få plantar er nemnde så mykje i folkemedisinen. Det må vere noko i det, meiner bærdyrkaren.
Sjølv tar ho gjerne varm te laga av svarthyll når ho kjenner det skrapar i halsen eller føler seg litt forkjøla.
— Helsekostbutikkane reklamerer med svarthyll som styrkemedisin mot halsvonde og forkjøling. Desse eigenskapane er ein nisje.
Lite apotek
Ser ein på den lange lista folkemedisinen meiner svarthyll skal hjelpe mot, er det ikkje uventa at den har fått ord på seg for å vere dei fattige sitt apotek. Og det er ikkje berre blomar og bær som blir omtala, men også blader og bork.
Te av hylleblom skulle vere effektiv mot tidlegare folkesjukdommar som skjørbuk, halsbyll og gikt. Salige Henrik Wergeland tok seg ein kopp før han la seg. Legg ein også til at bæra er sveittdrivande, blodreinsande og effektiv mot vorter, er ein brøkdel av det helsebringane ved svarthyll nemnd.
Inger Bjordal har ikkje planta svarthyll for å bidra til folkemedisin. Det er saft det handlar om.
Kjøpte gard
— Bæra er ganske sure og litt bitre og ikkje akkurat gode å ete. Det er utruleg at safta blir så god. Eg set til litt sitron eller lime for å få ein spiss, forklarer ho.
Inger Bjordal dreiv verken med bær eller saft før ho kom til Vikebygd etter 13 år i Finnmark. Klimaet der oppe inspirerer ikkje i den retninga. Ho er opphavleg frå Fana i Bergen og saman med ektefellen Reidar Bjordal kjøpte dei eit nedlagt gardsbruk på heimtraktene hans i 1995. I det som må karakteriserast som godt vaksen alder starta dei å rydde og restaurere garden som var overvaksen og til forfalls.
På garden har ho hovudansvaret for slaktegris, ammekyr og bær, medan ektefellen er landbrukssjef i Ølen kommune. Hyll er ikkje den første nisjen dei prøver seg på. Dei har også planta eit par tusen juletre.
Fleire sortar
Inger Bjordal er nesten vaksen opp på Stend jordbruksskule og har solid bondeblod i årene, men overgangen frå arkitektkontor til gardsdrift på Svendsbøe er likevel ikkje liten. Interessa for bær stoppar ikkje ved svarthyll; ho har både bringebær, solbær og blåbær til husbruk.
Saman med fem andre produsentar er ho med i svarthyllprosjektet på Haugalandet der Forsøksringen for Etne, Ølen og Vindafjord har regien. Plantefelta prøver ut fem ulike typar svarthyll og er på sett og vis på forsøksstadiet.
— Etter tre-fire år er buskane i skikkeleg produksjon. Det skal bli spennande å sjå korleis dette tredje året blir. Det ser ut til at det skal bli godt med blom. Kva som skjer vidare er avhengig av avsetninga Hervik får på safta. Tilbakemeldingane er gode, fortel Inger Bjordal.
Det er også responsen ho får når sommardrikken er kjølekald hyllebærsaft, gyllen i fargen av blomane. Hyllebærvin har ho ikkje prøvt seg på.