Høgt tempo på Bjordalstunet

— Eg såg for ein del år sidan at landbruket ikkje kom til å bere […]

— Eg såg for ein del år sidan at landbruket ikkje kom til å bere tilstrekkeleg av seg. Då byrja planane om eit eige firma som attåtnæring på garden, fortel Dominikus Nagell Bjordal, far på tunet.
Etter å ha vurdert både museum og kulturhus, enda det med at husa på det gamle rekkjetunet blei bygde om til selskapslokale. Det er Dominikus og dei to sønene Jens og Andor Nagell Bjordal som eig kvar sin tredjedel av tunet, men også andre familiemedlemmer er involverte i verksemda. No er det bryllaupssesongen som gjer seg gjeldande, og kring ti bryllaup kvar sommar har blitt det vanlege.
Plass til mange
— Dette er det sjette no i sommar, seier Jens.
Det er fredag og borda er dekka til over 80 gjester. Berre den siste pyntinga gjenstår. Dominikus og Jens viser rundt på tunet.
— Me bygde på for fire år sidan for å få betre eigna lokale. No har me plass til 130 gjester, held Jens fram.
Stort sett er det folk med tilknyting til distriktet som held bryllaupsfest i det som ein gong var eit fjøs. Tilreisande får høve til å nytte seg av dei 30 overnattingsplassane på Bjordalstunet. Det som før var husmannshus er gjort om til bruresuite, eller brurebur som det blir kalla.
— Paret får det på kjøpet, forklarer Jens, og viser oss inn i den vesle hytta med eit lite kjøkken, bad og soverom. Den antikvariske himmelsenga, som har vore ekteseng på garden i tidlegare generasjonar, er nyoppreidd og reine handklede er lagt fram.
Eigne råvarer
På menyen på Bjordalstunet er det lokale råvarer det satsast på. Andor Nagell Bjordal lagar det meste av maten. Hjortekjøt og vilt går igjen i dei vel ti faste menyane som folk får å velje mellom.
— Som forrett er auren frå Langåsdalsvatnet blitt veldig populær, fortel Dominikus.
Me får også høyre om Andor si sjølvkomponerte suppe. Den blir kalla Vasstrandsuppa, og den har slått godt an.
— Namnet kjem frå skogreisingsleiar Ole Vasstrand. Han ville ha noko anna då han var her, så Andor laga til ei kraftig og god skogssuppe, forklarer Jens.
Mor Jorunn hjelper til med både koking og anna, og andre familiemedlemmer må også i sving skal det heile gå rundt.
Sesongane styrer
Kva for selskap og arrangement som går føre seg på Bjordalstunet, er i stor grad knytt til sesong. Åremålsdagar, konfirmasjonar, slektsstemne og jaktlag finn alle vegen gjennom skogen til den noko avsidesliggande plassen. Om vinteren er det kursverksemd som dominerer, og denne aktiviteten har auka på dei siste tida.
— Me bygde eit ekstra rom i fjor for å ha eige spiserom til dei som kjem på kurs og konferansar, forklarer Dominikus.
Det hender også at det dukkar opp nokon tilfeldige turistar som vil leige seg losji i rekkjetunet, men det er heller sjeldan. Far og son innrømmer at det stundom kan bli vel travelt med tradisjonell gardsdrift og andre jobbar ved sida av selskapsnæringa.
— Men så er det jo veldig kjekt å få det til her i dette holet, kommenterer Dominikus spøkefullt.
— Me legg vekt på at folk skal få lyst til å kome igjen. Me gjev så godt stell me kan og me er fleksible. Me legg oss heller ikkje på dei stivaste prisane. Det lønner seg å vere romsleg, legg han til.