Stortingsrepresentanten frå KrF tok situasjonen til Kyrkjetunet opp med kultur- og kyrkjeminister Trond Giske i desember i fjor då det var klart at tilskotet til private kyrkjebygg var stroke frå statsbudsjettet.
Kyrkjetunet hadde rekna med 300.000 kroner i tilskotet til nybygget, men etter at posten vart stroken frå budsjettet, kom Kyrkjetunet i knipe.
Høg stjerne
— Alle som er i same situasjon som Kyrkjetunet vil nyte godt av dette. Kyrkjetunet kom i ein uheldig situasjon sidan det ikkje var pengar å søkje på inneverande år. Vi gjekk ein ny rund i finansinnstillinga, og regjeringa var villig til å leggje inn igjen 9,4 millionar kroner i 2007 til slike tilskot, seier Dagfinn Høybråten.
Han har fått ei ekstra høg stjerne hos styreleiar Liv Herborg Wold i stiftinga Kyrkjetunet.
— Dette var ei skikkeleg gladmelding. Vi hadde gitt opp, og eg må takke Høybråten som har stått på og fått gjennomslag, seier Wold.
Ho tar Høybråten på ordet i at Kyrkjetunet får tilskotet i 2007 sjølv om stiftinga normalt skulle fått det i 2006 dersom posten ikkje hadde blitt stroken frå statsbudsjettet.
Sjølv om Kyrkjetunet hadde budsjettert med tilskotet, har dei takla økonomien utan. Dei fekk mellom anna litt økonomisk støtte frå næringslivet.
— Når tilskotet er på plass, skal vi betale ned lån. Det gjer drifta vår litt lettare. Det står jo også investeringar på programmet framover. Vi skal ta i bruk den tredje etasjen i bygningen og får større driftsutgifter med det. Tilskotet vil kome godt med, seier Wold.