Hytte totalskadd i brann

Ein nabo varsla om at han såg røyk frå hytta som ligg rett ved riksvegen […]

Ein nabo varsla om at han såg røyk frå hytta som ligg rett ved riksvegen rundt 300 meter frå Bjoa skule.
– Folk som kom til slo i veggene i tilfelle det skulle vere folk inne. Det var det heldigvis ikkje. Døra var låst og vi måtte bryte den opp, forklarer Knut Egil Berge, utrykkingsleiar i Vindafjord brannvesen.

Røykdykkarar
Han karakteriserer det som ein typisk ulmebrann med mykje røyk, men også ein del flammar.
– Vi måtte inn med røykdykkarar for å kunne sløkkje. Brannen kom tidleg under kontroll, men det er stor varme i hytta, spesielt i himlingsrom der det også er ein del glør, forklarer Berge.
Dei måtte difor bruke ein del tid på ettersløkking og avdekking av punkt der det framleis var glør.
Han karakteriserer hytta som totalskadd.

Starta i inngang
Lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord opplyser at han har folk i hytta for å finne brannårsaka.
– Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen, seier han.
Han stadfestar at det truleg ikkje har vore folk i hytta sidan i helga, og at den siste som var der, var ein potensiell kjøper av hytta. I samband med dette besøket skal det ha blitt slått på ein panelomn.
Knut Egil Berge i Vindafjord brannvesenet fortel til Grannar at alt tyder på at brannen starta i inngangspartiet der det også er eit våtrom.