I Skånevik for jobbintervju

Leiar av avdelinga i Skånevik, Raymond Trondsen (30), var fredag på plass i Skånevik der […]

Leiar av avdelinga i Skånevik, Raymond Trondsen (30), var fredag på plass i Skånevik der han skulle ta fleire jobbintervju. På spørsmål om dei som var inne til jobbintervju i vår er aktuelle nå, svarer Trondsen at nokre av desse er aktuelle og har fått tilbod om jobb.
Grunnen til at avdelinga i Skånevik ikkje vart etablert i mai slik planane var den gong er i følgje Trondsen at ein del tekniske løysingar måtte på plass først.
— Og så måtte vi ha eit datasystem som fungerer skikkeleg, og det har vi nå, seier han.
Elles seier Trondsen at planlegginga framover er viktig.
— Både når det gjeld arbeidstid og kva dei tilsette ønskjer, er veldig viktig nå i startfasen.
Ser etter husvære
Sjølv vil han busetje seg i Skånevik, og er på leit etter husvære.
Trondsen fortel om ein allsidig praksis før han starta i Stord Dialog tidlegare i år. Han kjem frå Honningsvåg. Der har han jobba både som journalist i lokalavis, på hotell og i Posten. Han kom frå ei stilling som finanskonsulent i Posten då han begynte i Stord Dialog.
Styreleiar i Stord Dialog, Jan Kåre Pedersen, opplyser at dei endå ikkje har bestemt seg for lokalitetar, men reknar med at dette skal vere på plass denne veka. Valet står mellom andre etasje i bankbygget i Skånevik sentrum og andre etasje i sardinfabrikken.
Når det gjeld Stord Dialog AS og nyetableringane i distriktet, så vil dei ved sida av tradisjonelt telefonsal, også gå nye vegar, blant anna sal retta mot bedriftsmarknaden. I Skånevik vil det i første omgang vere arbeid til 25 personar, og då på dagtid. Men Raymond Trondsen ser ikkje bort frå at det også kan bli kveldsarbeid om ei stund, der skuleungdom kan vere aktuelle arbeidstakarar.
Leiar i Skånevikprosjektet, Leif Arne Løvereide, er glad for at Stord Dialog har bestemt seg for å starte opp i Skånevik. Han håper og trur at det ikkje vil bli vanskeleg å få rekruttert folk.
— Eg er sikker på at ein del vil kome etter kvart når dei ser at dette er noko ein kan tene pengar på. Eg trur også at det berre er eit tidspørsmål før folk flytter tilbake til Skånevik igjen, seier han.