— WTO har vore der som eit skremsel i minst 15 år. Men det har ikkje skjedd så mykje til no, og eg veit ikkje kva eg skal tru på denne gongen heller. Eg ser det kan bli uheldige ting for oss bønder, men vi må vere nøkterne og ha tru på at vi skal takle utfordringane, og at rammene blir til å leve med, seier Vaula.
Han ser seg rundt på jordet i Øvre Vats der kviger og ungdyr beiter på haustgraset. Litt lengre oppe er driftsbygningen der dei er i ferd med å investere ein halv million kroner. 34-åringen er oppvaksen på gard i Stavanger, og han meiner det er viktig å ha eit robust miljø rundt seg i bondeyrket.
Fryktar forvitring
— Vi veit ikkje korleis utfallet av denne runden i WTO blir. Eg fryktar like mykje den avskallinga og forvitringa som er i gang i næringa i dag. I området her selde fire bønder mjølkekvota og fire nye vurderer å gjere det. Denne utviklinga vil øydeleggje miljøet og eg er redd for å bli aleine som fulltidsbode, seier Vaula.
Saman med ektefellen Helga Gule Vaula tok dei over eit mønsterbruk på heimegarden hennar i Øvre Vats for tre år sidan. Det er eit robust bruk med 172.000 liter i mjølkekvote der dei også driv med slaktegris. Etter årsskiftet skal han inn i ei samdrift med ei kvote på 325.000 liter.
— Vi har kanskje meir å gå på enn andre, så eg kan godt forstå at bønder som synst garden gir lite igjen i kroner, eller må ha arbeid utanom, blir meir deprimerte av det som skjer rundt WTO-forhandlingane.
Falsk flagg
Vaula er styremedlem i Vats bondelag og er godt oppdatert på det som skjer rundt WTO og Noreg sine utfordringar i forhandlingane.
— Alle er samde om at eksportstøtte er ein uting fordi rike land kan dumpe varer på verdsmarknaden. Men utanom det, har eg ikkje noko imot at forhandlingane bryt saman. Vi ser jo at EU-land som Frankrike reagerer på for store kutt i landbruksstøtta, seier han.
34-åringen reagerer på at fattige bønder i Afrika blir sette opp mot norske bønder.
— Fattige land treng å produsere mat dei kan ete sjølv og unngå at varer frå rike land blir dumpa på verdsmarknaden. Frihandel over Noreg sine grenser er det ikkje fattige i Afrika som tener på, men industrilandbruket i EU. Difor blir det feil å setje opp denne motsetnaden som ikkje eksisterer, meiner han.
Toll til å leve med
Den raud-grøne regjeringa håpar å sleppe unna med å kutte prisstøtta for landbruksprodukt med 30 prosent, og at tollsatsane blir reduserte med 45 prosent. Samla utgjer det seks til ni milliardar kroner. Tidlegare landbruksminister Lars Sponheim (V) sa i forrige veke at han frykta at Noreg på kort tid må avvikle heile prisstøtta på 11 milliardar kroner.
— Vi mistar ein buffer med å kutte i tollsatsane, men vi sit igjen med såpass toll at det er til å leve med. Det blir kanskje verst for kjøttindustrien sidan det kan bli meir interessant å importere ferdigvarer i staden for det kjøtet vi tar inn i dag, seier Vaula.
Passivisere bønder
Han ser likevel klare ulemper dersom for mange milliardar blir kutta i prisstøtte sjølv om dei blir kompensert gjennom andre tilskot enn til produsert volum. Altså tilskot til garden, og ikkje til det den produserer av kjøt og mjølk.
— Får vi ei for stor vriding her, blir det uinteressant å vere bonde. Dersom tilskotet går til det å bu på og pleie ein gard, og ikkje til det du klarer å produsere, så blir motivasjonen heilt vekke. Då vil eg slutte som bonde. Det er også eit spørsmål kor mykje av tilskota som vil bli vekke med ei slik omlegging.
Alf Egil Vaula er ganske sikker på at norske forbrukarar ikkje har særleg å hente på at landets bønder taper terreng.
— Sjå på alle varene kjedene importerer i dag. Dei er ikkje akkurat særleg rimelege samanlikna med andre land. Det er mange som vil ta av denne kaka.