Ikkje listetopp

Då Grannar ringde presiserte eg at eg hadde sagt ja til å stå på lista. […]

Då Grannar ringde presiserte eg at eg hadde sagt ja til å stå på lista. Meir enn det er ikkje avklara. Eg har stor respekt for demokrati og ryddig politisk arbeid. Nominasjonsarbeidet er nett starta og mykje arbeid skal gjerast før nominasjonsmøtet i partiet endeleg vedtek lista.
Listetopp har eg aldri vore, sjølv om eg er varaordførar og gruppeleiar inneverande periode. Eg stiller meg til disposisjon for partiet og veljarane slik eg har gjort to gonger før.
Me må alle gjera oss fortente til fornya tillit.  
Vil likevel nytte høvet til å takka Grannar for tilliten samt eit ynskje om eit ryddig og tillitsfullt samarbeid vidare.
 
Siri Klokkerstuen
Etne