Ikkje nedbør på seks veker

Tørkeperioden sette inn 9. februar. Sidan då er det berre ein dag, tysdag 28. februar, […]

Tørkeperioden sette inn 9. februar. Sidan då er det berre ein dag, tysdag 28. februar, at det har falle så mykje som ein millimeter nedbør. Dei fleste dagane var det ikkje teikn til målbar nedbør. Lengste perioden heilt utan dråpar eller snøfnugg i lufta var ti dagar, og på desse seks vekene er det målt til saman berre 8,2 mm nedbør. Dette er berre så vidt over eit dagsgjennomsnitt på denne årstida.
Nokon rekord er det likevel ikkje snakk om, opplyser Lillian Kalve ved Vêrvarslinga på Vestlandet. Ho har supplert Grannar med nedbørsstatistikk frå Vats og for dei andre målestasjonane i området. I Vindafjord er det også to målestasjonar i Skjold, to i Vikedal, og ein i Ølen. I Etne kommune er det til saman fem stasjonar som sender vêrobservasjonane sine til Meteorologisk institutt.

Tørr månad
Mars månad er til vanleg den tørraste her i distriktet. Månadsnormalen i Vats ligg på 97 mm. Nå har meir enn halve månaden gått, og Halvard Haugen som styrer med stasjonen, har registrert fattige 1,5 mm.
Februar har ein normalnedbør på 148 mm. I år kom denne nedbørsmengda på berre fire dagar, rett før tørkeperioden sette inn 9. februar. Dermed er februar 2006 registrert som 12 prosent våtare enn normalen. Det er når ein ser på perioden frå 9. februar til i dag, at det er så uvanleg tørt.

Langvarig frost
Laurdag 4. mars noterte Haugen 13,1 minusgrader på målestasjonen sin, som ligg 64 meter over havnivå. I februar var 5,9 minusgrader det kaldaste han registrerte. Heller ikkje dette er rekordar. Det uvanlege er at det har vore stabilt kaldt. Sidan 25. februar har det vore frost kvar einaste dag, og dei fire vekene sidan 18. februar har det berre vore to frostfrie dagar.
Langvarig kaldt og tørt ver kan skapa vanskar i landbruket. Dei Grannar har vore i kontakt med trur likevel at det er så tidleg på året at det ikkje vil få store konsekvensar. Det ville ha vore verre om frosten hadde sett inn etter at spiringa var i gang.
— Dei som driv med tidlegproduksjon på Jæren, dei slit med vêret nå, seier Haldor Gravelsæter i avdeling utvikling i Etne kommune.
Det som kan skapa vanskar her i distriktet, er at gjødselkjellarar og andre lagringsplassar for naturhevd blir fulle. Så lenge det er snødekt eller tørrfrost, er det strengt forbode å hevda.
— Litegrann krise er det, men me tilrår dei som kontaktar oss å prøva å flytta noko av gjødsla over til andre lager, seier Gravelsæter. Han trur det skal finnast kapasitet hjå naboar aller andre stader, slik at hevda kan plasserast til kjelvene tiner.
Det skal vera tint i bakkane før det er lov å køyra ut, og det kan vera forskjellig frå gard til gard. I solhellingane tiner det raskt når frosten først slepp taket. På undersolte stader må ein smørja seg med litt meir tolmod.