Ingenting er som før

Det vert elles fortald at det skal opphalda seg mange krigsforbrytarar frå visse land her […]

Det vert elles fortald at det skal opphalda seg mange krigsforbrytarar frå visse land her hos oss, men ein treng vel ikkje uroa seg så lenge dei held seg i ro. Men det er mange her i landet som ikkje skjønar kva dei skal tru lenger om riket sin tryggleik. Det Internasjonale Røde Kors har også problem med å tru slikt. Tryggleik har nemleg vore eit sentralt omgrep i all politisk debatt her heime. Men nå skal visstnok kvardagskriminalitet prioriterast ned hos politiet her tillands, til fordel for dei store sakene og gatene. Så om nokon t.d. merkar at det er tjuvar i huset nattetid, så kan ein visst berre gløyma politiet. For der vil ein truleg få svaret: «Gjer det sjølv – eller kom att på måndag». Men ein skal helst vera varsam med å skada tjuvane i forsøk på å stoppa dei, det kan enda med tiltale og straff og kanskje erstatningssak mot huseigaren. Å vitna i ei straffesak kan òg bli ei tvilsam gjerning i dag. Det kan enda med trugsmål på både liv og helse. Drapstruslar er elles blitt ein vanleg reaksjon hos dei som kjenner seg foruretta av soninga.
Ytringsfridomen er viktig og det er viktig å bruka ytringsfridomen i visse samanhengar, jamvel om det kan enda med trugsmål. Ytringsfridomen er nemleg den viktigaste borgarretten me har i eit demokrati. Det er berre på denne måten ein kan slåss for demokratiet. Men ein må bruka den, ikkje akseptera forbod, ikkje la seg skræma. For den som teier samtykker, heiter det.
Tryggleik var tidlegare ein verdi som politikarane verna om. Men i dag kan dei ikkje gjera stort med utviklinga. Ein les om vold, voldtekt og drap, det er nesten dagleg «kost» i dagens nytt. Folk vert slegne ned for eit godt ord og uskulda opptreden, og i einskilde tilfelle øydelagde for livet, dersom dei overlever då.
Dei må elles tola at voldsmannen vert premiert med eit par års fengsel – kanskje – minus rabatt. Det må vera noko galt med straffeutmålinga og relasjonar når ein høyrer at kakekasting mot ein statsråd har ei strafferamma på 20 år. Og når drapsmenn går fritt omkring på gater og stadar avdi eventuell dom og straffeutmåling ikkje er rettskraftig – er det ikkje rart om offeret sine pårørande er redde.
Rasisme har ein straffelov for, men ikkje for mobbing, trass i at denne kan vera verre enn den såkalla rasisme. Mange lurer elles på kor mange liv ein drapsmann må ha på samvitet for å få lova si strangaste straff – 21 år.
Dei kristne verdiane har me sett på som sjølvsagde i vårt fedreland. Det står vel elles i Grunnlova. Men nå skal desse nivellerast ned til eit nøytralt og inkjeseiande nivå – me lever i eit fleirkulturelt samfunn, må vita. Trass i at opphaveleg norske borgarar er i stort fleirtal, som må tilpassa seg eit lite mindretal. Me lever nok i eit omvendtland, der naive politikarar rår.
Vil ein ha status på elendet i fedrelandet kan ein berre høyra og lesa i media om tilstanden. Det er ofte til å grina av. Det skal noko til å ha tårer til alt.
Men me er i alle fall rike her i landet – og det er nok det viktigaste for mange.

Endre Heggen