Ingvar Moe i ord og tonar

Elevane har arbeidd med kabareten i musikktimane sidan påske, og er eit vel gjennomført arbeid. […]

Elevane har arbeidd med kabareten i musikktimane sidan påske, og er eit vel gjennomført arbeid. Her får ein møte Etne-diktaren Ingvar Moe, som ville fylt 70 år i år, gjennom ord og tonar.
To forteljarar batt store delar av framsyninga saman. Dei stilte heilt i starten spørsmålet: Kven var eigentleg Ingvar Moe? Noko av det fekk vi svar på gjennom dei 31 innslaga som kabareten består av.
Barndommen i Etne, om små og store, og gjerne dei som streva litt, får vi bli kjende med. «Ein kvelde båt i hagjen», til melodi av Otto Aalmo, «Ein liten himføing på bytur i gamle dagar» og «Vestaver», begge til tone av Morten Odeen, er perler som fortel mykje om diktaren.
Presentasjonen av oldemor gjekk over fleire innslag og fekk stemninga i taket under «Oldemor rock», og seinare då «Oldemor giftar deg».
Oldemor er ei dame det ikkje er lett å bli klok på, så kan ho då også vere både 80, 90 eller 100 år.
Song, gjøgling, alvor og skjemt i fin blanding den timen kabareten varte, med gjennomført fin scenedisiplin, gjer at ein må ta hatten av for alle, både aktørar, musikk, lærarar og elles alle som må til for å få ei slik framsyning vel i hamn.
Både ordførar Amund Enge og rektor Morten Odeen takka for velgjort arbeid, og begge var imponerte over måten dette var gjort på.

Arnhild Aaen