Det første kommunestyret som skal veljast for ein heil fireårs periode. Alle overgangsperiodane med fylkesskifte og kommunesamanslåing er over. Eit val for framtida.
Kva for val har vi? Kva står dei ulike politiske partia for? Kva skil det eine partiet frå det andre?
Vi vil stille nokre spørsmål som vi utfordrar partia å svara på i lokalavisa. Om vi set ein frist til 1. mai kan vi vel vera trygge på at svaret er godt forankra i valprogrammet.
1. Vil partiet stemma for eller i mot innføring av eigedomsskatt i heile kommunen?
2. Er partiet for eller i mot tilrettelegging av bustadtomter i kommunal regi?
3. Er partiet for eller i mot grendeskular i Imsland, Vikebygd og Bjoa?
4. Kva vil partiet gjera for å få til ein meir aktiv informasjon frå møta i formannskap og kommunestyre?
5. Vil partiet at det skal vera sjukeheimsplassar både i Vats og i Ølen?
6. Vil partiet at det skal vera plassar for demente både i Vats og i Ølen?
7. Kva vil partiet at «pensjonattomta» i Ølen skal nyttast til i framtida?
8. Korleis stiller partiet seg til miljøprioritert gjennomkjøring med fartsgrense på 40 km/t i Ølensvåg?
9. Er det aktuelt for partiet å halda same nivå på gebyra som nabokommunane?
10. Er partiet for eller i mot høgfartsbane mellom Haugesund og Oslo?
11. Kor høge hus vil partiet gå inn for at det kan byggast i sjøkanten i Ølen sentrum?
12. Alle partia har vist stor vilje til å redusera dei kommunale utgiftene for å oppnå økonomisk handlefridom. Kva er beviset på at kommunen har fått økonomisk handlefridom, og kva vil partiet nytta handlefridomen til?
Karl J. Granberg
Folkets Røst