Jamt nabooppgjer i Vindafjord

Skjoldar har alltid hatt overtaket på Vats, og onsdag viste dei nok ein gong at […]

Skjoldar har alltid hatt overtaket på Vats, og onsdag viste dei nok ein gong at dei er hakket sterkare. For jamvel om kampen var jamn, var det Skjoldar som klarte å få inn måla.
— Nå har me hatt fleire jamne kampar der me ufortent ikkje har fått nokre poeng og her spelar me ein jamn kamp og vinn tre poeng. Det er me svært nøgde med, seier Skjoldar-trenar Linda Worre Bråtveit, og legg ikkje skjul på at det smakar ekstra godt å slå naboen.
Det var først i 2. omgang at Skjoldar klarte å få ballen mellom stengene. Ved pause stod det 0-0.
— Det trur eg me skal vera nøgde med. Me tar meir og meir banespelet etter pausen, men det kunne like godt ha stått 1-0 til Vats ved pause, seier Worre Bråtveit.
Ho saknar eit litt meir stabilt spel frå laget sitt i årets sesong.
— Så langt presterer me litt ujamt og det har litt med å gjera at me må byta ut 11-eren vår og då skal det noko til for å få det til å fungera, seier Worre Bråtveit, og nemner skader og sjukdom som årsak til byta.
Vats 94 klarte altså ikkje å skaffa seg nokre poeng mot naboane frå Skjold og trenar Harald Frøland vedgår at laget slit med å scora mål.
— Skjoldar hadde fleire målsjansar enn oss, sjølve spelet var forholdsvis jamt, men me klarte ikkje å scora mål. Det er det største problemet vårt, seier Frøland, og legg til at på den positive sida har laget heller ikkje sleppt inn så mange mål.
Berre frå i fjor har Vats 94 mista åtte spelarar.
— Det er eit ungt og urutinert lag, seier Frøland, som trur dei kjem til å slita med å overleva i 5. divisjon.

5. divisjon, avd. 04
Vats 94 – Skjoldar 0-2 (0-0)
Vats stadion
0-1: Jan Bauge (55. min)
0-2: Atle Haugen (65. min)