Kamillahuset ikkje godt nok

— Me blei lova ny barnehageavdeling neste år, og difor gjekk me med på å […]

— Me blei lova ny barnehageavdeling neste år, og difor gjekk me med på å nytte Kamillahuset som mellombels løysing. Me var viljuge til å strekke oss langt for å få ting på skinner, seier Svalaug Matre, som er med i ei foreldregruppe i Sandeid barnehage.
No opplever ho og dei andre foreldra at løftet frå politikarane smuldrar opp, og dei fryktar at Kamillahuset kan bli ei meir langvarig løysing enn dei hadde tenkt. I det høvet peiker både tilsette og foreldre på ei rekkje manglande sikringstiltak ved Kamillahuset.
Mangelfull sikring
Dårleg uteområde, mangelfull inngjerding og plassering like ved veg og tungtransport er berre noko av det dei trekkjer fram i eit brev til politikarane. Vidare nemner dei ei svært bratt og skummel trapp mellom etasjane i huset, og store vindauge i andre etasje med dårleg sikring på grunn av rote. Dårleg brannsikring, høgt støynivå og små garderobar er andre ting dei trekkjer fram.
— Det blei gjeve eittårige dispensasjonar til bygget medan kommunen skulle utgreie eit nytt tilbygg til barnehagen i Sandeid, men det blir ikkje gjort. Når budsjettet kjem opp i år er heile prosjektet radert ut, seier ei oppgitt Matre.
Politikarane i formannskapet vedtok på førre møte å greie ut ei eventuell bygging av ny barnehageavdeling i biblioteket i Sandeid, med flytting av biblioteket der til Vindafjordhallen. Dette uroar Matre og dei andre foreldra i Sandeid.
— Dei gjer oss til del av eit taktisk spel om kven som skal ha hovudbiblioteket i nye Vindafjord kommune, mistenkjer ho politikarane.
Må tenkje langsiktig
Matre meiner nytt tilbygg for å utvide barnehagen i Sandeid er den beste langsiktige løysinga.
— No vil dei flytte biblioteket, som dei nyleg brukte mykje pengar på å ruste opp. Verken skulen eller barnehagen er interessert i dette. Dei burde tenkje på den økonomiske gevinsten som er å hente ved å ha heile barnehagen under same tak. Det gjev høve til å utnytte personellet betre, held Matre fram.
Ho seier foreldra ikkje er interesserte i å ha barnehagen i skulen, som blir tilfelle dersom det noverande biblioteket skal nyttast, og ho meiner politikarane burde tenkje på kva som gjev den mest lønnsame drifta.
— Ved å bygge nytt får me ein skikkeleg barnehage, og det blir den billigaste løysinga i lengda, seier ho, og legg til at tolmodet til foreldra no er slutt.
Ho framhevar også at foreldra i vår gjekk med på å auke foreldrebetalinga og redusere søskenmoderasjonen, mot at politikarane skulle komme opp med ei god permanent løysing. Foreldra opplever no at politikarane trekkjer seg frå tidlegare løfte, og at viljen til å satse på det etterlengta nybygget er fråverande.
Ordførar Reidar Håvås var i går ikkje tilgjengeleg for kommentar.