— Me har snakka med fleire kandidatar som har sagt seg villige til å stille som Høgre sin ordførarkandidat dersom dei vert spurt. Bakgrunnen for at me har snakka med fleire kandidatar er tilbakemeldingar me har fått frå innbyggjarar i Etne om at dei ønskjer seg ein annan ordførar enn Amund Enge, seier leiar av nominasjonsnemnda, Tora Lilledal.
Nominasjonsnbemnda, som i tillegg til Lilledal består av Roar Gundegjerde, Laila Flatebø og Johannes Kringlebotn, vil ikkje ut med namna på dei som er aktuelle til topplassen på Høgre si liste ved kommunevalet til hausten.
— Det er ikkje rett å seia så mykje no. Før me går ut med namn, skal valnemnda bli einige. Det satsar me på skjer måndag kveld, seier Lilledal.
Ordføraren informert
Lilledal seier likevel at Amund Enge framleis er ein av kandidatane dei har til topplassen. Også dei andre aktuelle kandidatane er menn.
— Amund Enge var den første me snakka med. Han er også informert om at me vil snakka med fleire kandidatar. Me har gjort ein skikkeleg jobb, og vore ryddige, seier Lilledal.
Bortsett frå topplassen er lista klar. Nominasjonsnemnda har lagt vekt på å få ei så representativ liste som mogeleg.
— Me kunne godt tenkt oss litt fleire kvinner, men har prøvt å få kandidatar frå alle bygdene i etne kommune. Det har me nesten klart, seier Lilledal.
Når nominasjonsnemnda møtest i kveld, skal dei også finna eit tidspunkt for kva tid nominasjonsmøtet skal vera.
Det er nominasjonsmøtet som til slutt avgjer den endelege lista.
— Er det plass til Amund Enge på ein annan plass enn førsteplassen?
— Me har framleis plass til fleire på lista, svarar Tora Lilledal.
— Spesielt
Amund Enge har fleire gongar tidlegare signalisert at han er interessert i å ta attval som ordførar. Det lukkast ikkje Grannar å få kontakt med Amund Enge søndag, men til Haugesunds Avis laurdag sa Enge at han ikkje har snakka med nominasjonsnemnda og at det er spesielt ikkje å bli spurt om å stille til attval.
— Eg er øvegidde, seier Enge.
Kan bli vraka
— Me har snakka med fleire kandidatar som har sagt seg villige til å stille […]