Kapra kvar sin ungkar

— Det er Etnemarknaden det, veit du, seier Bjørg om korleis det heile starta i […]

— Det er Etnemarknaden det, veit du, seier Bjørg om korleis det heile starta i 1995. Ho var den første av søstrene som fekk seg kjæraste frå Stordalen, Kjell Magne Hegerland (35), og får også «skulda» for at dei to andre søstrene har funne kjærleiken i bygda. I 1996 flytta Bjørg til Kyrping.
— Me fekk ungar og då kom tantene inn i bildet. Dei fór og trilla langs vegen, men så blei dei vel leie av det og ville vera med på fest, ler Bjørg.
På fest bar det, og for fem år sidan trefte Anne Marie Lars Jørgen Stålesen (27) frå Frette. Den veksande magen hennar er eit synleg teikn på at kjærleiken har ført til resultat. I mars blir to til tre.
Flittig på bussen
Ho bur i Dimmelsvik og jobbar i Baroniet i Rosendal. Det første året Anne Marie og Lars Jørgen var saman pendla han frå Dimmelsvik til jobben på Kårstø.
— Eg fór heimanfrå kl. 5.00 om morgonen og var heime kl. 19.00. Det var fem timars kjøring kvar dag, seier Lars Jørgen.
Litt enklare blir det truleg når babyen kjem, og Anne Marie flyttar til Frette.
— Det blir moro, det, seier Lars Jørgen.
Avstandsforhold kjenner også Randi og Ove Tjelmeland (32) godt til. I to og eit halvt år har Randi pendla mellom Oslo og Kyrping. Også for dei var det Etnemarknaden som førte dei saman.
— Eg trefte han helga før eg skulle flytta til Oslo, så eg er flittig brukar av Haukeliekspressen, seier Randi.
Trass i avstanden, har ho aldri vore lenger vekke frå Ove enn 18 dagar!
Til sommaren er ho ferdig utdanna sjukepleiar, og då er planen å slå seg ned på Kyrping.
— Det var ikkje verdas navle, men eg er blitt van til det. Eg har lyst til å vera saman med Ove. Det er berre om å gjera å få seg ein jobb, seier Randi.
Ove ser også fram til å få kjærasten sin til Kyrping.
— Det er litt bale med pendlinga av og til, men nå er det berre eit halvt år igjen, seier han.
Godt motteke
Det er ikkje berre dei tre søstrene i familien Aakre som har kome til den andre sida av fjorden. Faren og broren Thomas bur i Skånevik. I tillegg har dei ein bror, Arne, som bur i Bergen.
— Hadde det ikkje vore for at pappa og Bjørg var på denne sida, hadde eg kanskje vore meir skeptisk til å flytta. I 2001 døydde mamma, og det er ingen familie som held meg der borte, seier Anne Marie.
Bjørg og Kjell Magne har barna Dennis André (7) og Kathrine (5). Det at Bjørg nå får søstrene sine til bygda, synest ho er stas.
— Eg er så lykkeleg. Det er så kjekt at det blei slik, seier Bjørg.
Ho har berre lovord om å komma som innflyttar til Kyrping.
— Eg har stortrivst frå dag ein, seier ho.
— Dårleg fantasi
Dei tre søstrene har funne seg tre gravemaskinførarar som i tillegg er kameratar, og konklusjonen er klar:
— Det er dårleg fantasi på dei, seier Lars Jørgen.
— Men det er heilt greitt, tilføyer han.
Om det blir bryllaup, er det ingen av mennene som vil lova på sparket. Bjørg og Kjell Magne har vore forlova i ni år, og Bjørg legg ikkje skjul på at ho ynskjer å gjera meir ut av det.
— Håpet er giftarmål, smiler ho.

Frå venstre Lars Jørgen Stålesen med Anne Marie Aakre, Kjell Magne Hegerland med Bjørg Aakre og barna Dennis André Aakre Hegerland og Kathrine Aakre Hegerland, Ove Tjelmeland med Randi Aakre.