— Katastrofe for økonomien

Det seier Reidar Ebne (Frp) om at Etne kommune nå må betala 1,8 millionar kroner […]

Det seier Reidar Ebne (Frp) om at Etne kommune nå må betala 1,8 millionar kroner til Dag Handeland etter at Høgsteretts kjæremålsutval avviste anken frå kommunen.
Frp sine to representantar var dei einaste som stemte mot bygginga av bustadene i det første kommunestyremøtet. Partiet hadde eit alternativt forslag som gjekk ut på å plassera innvandrarane i mindre einingar rundt i kommunen.
— Viss Frp sitt forslag hadde blitt følgt, hadde Etne kommune vore spart for økonomiske og andre belastningar som har gått ut over administrasjonen og folk i bygda, seier Ebne.
— Hadde forslaget kome frå andre, hadde det kanskje fått eit anna utfall, men det blir ei anti-Frp-haldning som kostar Etne kommune for dyrt. Det er ein veldig god innarbeidd praksis om at Frp har mindre rett når det er avstemming, men meir rett nokre år seinare. Dette viste seg med all tydelegheit den gongen, seier Ebne.
— Det er vel ikkje spesielt overraskande med Frp sitt restriktive innvandringssyn at de var mot bygginga av bustadene frå starten av?
— Då kan ein berre sjå kor mykje meir sympati me hadde for innvandrarane den gongen. Me ville plassera dei der dei hadde best høve for integrering — ute hos folk der det var plass og arbeid til dei, seier Ebne.
Trass i at ordføraren seier at dommen ikkje skal gå utover skular og sjukeheimsplasser, har Ebne lita tru på det.
— Då kjenner han til ei kjelde av pengar som har vore ukjent for dei fleste så langt, hevdar Ebne.
— Hadde kommunen vore eit privat firma, hadde dette vore den sikre måten å gå konkurs på, seier Ebne, og meiner at også bygginga av kulturhus er med på å gjera økonomien i kommunen vanskelegare.