Kjære Vindafjord-politikarar!

Stortinget har bestemt at alle elevane i 1.- 4. klasse skal gå ein time meir […]

Stortinget har bestemt at alle elevane i 1.- 4. klasse skal gå ein time meir på skulen til neste år. Dette kostar pengar. Vindafjord kommune har fått tilført desse midlane i form av ramme-tilskot.
På kommunestyremøtet 14. desember vedtok de eit budsjett der desse pengane vart brukte til andre – gode – formål. Det var, etter det me har forstått, eit møte der det vart gjort tøffe prioriteringar og djerve beslutningar! Forklaringa til oss var at skulen også må ta sin del av nedskjeringane i ein kommune med nærmast katastofal dårleg økonomi, – eit argument me har forståing for.
Men så kjem det interessante: På neste kommunestyremøte, den 8. februar, var det plutseleg fleire pengar likevel! Då vart det løyvt ekstra pengar, i alt 600.000 kroner, til gode formål: Til kyrkja i Vats og til barnehagen i Sandeid! Ordførar Reidar fekk også fleirtal for å leggja inn bod på utmarksområdet ved Prestegarden i Skjold. Flott!
Så kom neste kommunestyremøte, den 5.april. Då fann de pengar til jubileumsfeiring, både for Vindafjord kommune og for unionsoppløysinga! Bra! Det finst jo pengar, når ein leitar godt!
Me merkte oss med interesse at Dagfinn Torstveit føreslo å bruka desse pengane på timar til småskulen, og at Åsmund Kalstveit og syntest dette var eit godt forslag. Rett nok kom det litt brått på, og derfor vil me gjerne komma med ei påminning:
Nå snart, 21. juni, er det kommunestyremøte igjen, og gruppemøter før det. Me utfordrar igjen: Kan de denne gongen finna 150.000 kroner til elevane i småskulen? Kan de rett og slett finna att dei pengane kommunen alt har fått, og bruka dei på det dei faktisk skal brukast til?

Helsing
Utdanningsforbundet Vindafjord
Berit Mortveit Listog,
lokallagsleiar