Kjøper gjerne kyrkja

Det er i fullt alvor fungerande dagleg leiar i Fugl Fønix Hotel AS presenterer ideen […]

Det er i fullt alvor fungerande dagleg leiar i Fugl Fønix Hotel AS presenterer ideen om at dei kan kjøpe Gjerde kyrkje tvers over gata. I følgje Asbjørn Moe er det å slå to fluger i ein smekk sidan kommunen sparer utgifter til vedlikehald og hotellet har bruk for bygningen. — Eg forstår at utspelet kan oppfattast som ein spøk, men det er alvorleg meint. Eg trur det vil tvinge seg fram at kyrkjer blir brukte til noko anna enn i dag. Det er for mange av dei og kommunane har ikkje råd til å ta vare på alle, seier han. Ein av grunnane til at hotellet har kasta blikket på Gjerde kyrkje er at ho ligg rett over gata.

Prøveballong
Det er ein prøveballong hotellet sender ut når det går ein pressemelding landet rundt om at Fugl Fønix Hotel AS kjøper Gjerde kyrkje i Etne. Telefonen gjekk varm ut over dagen på tysdag då det heller uvanlege forslaget vart kjent. Det som godt kunne vore ein aprilspøk, blir seriøst forsvara av hotellsjefen. — Når vi er tidleg ute med å ta tak i eit kontroversielt emne, forstår eg at reaksjonane blir deretter. Vi hadde ikkje akkurat venta å bli omfamna av kyrkja i Etne med eit slikt forslag. Dei har sterkare kjensler for kyrkjene enn andre. Vi tenkjer meir pragmatisk på ei løysing for alle partar. Dette er noko som vil mogne, seier Moe. Han meiner det neppe har framtida for seg at det skal vere fire kyrkjer og eit kyrkjekapell i kommunen. Det er ikkje pengar til å halde vedlike alle, meiner han. Moe grip fatt i eit tema som har vore diskutert på generelt grunnlag andre stader i landet.

Kultur og selskap
Fugl Fønix kastar blikket på kyrkja for å skaffe seg plass til kulturelle arrangement, kurs og konferansar, og selskap. Bygningen er godt eigna til formålet, er konklusjonen. Eit eventuelt kjøp vil også føre til at hotellet ønskjer å servere sterkare saker enn altervin. — Tenk å gifte seg i gamle-kyrkja og halde fram arrangementet i same lokalet til langt på natt, er framtidsplanane som blir lagt for kyrkja. Asbjørn Moe ser det som uproblematisk at det ligg ein kyrkjegard nesten heilt inn til kyrkjeveggen. Heller ikkje at Gjerde kyrkje er verna av Riksantikvaren gjer særleg inntrykk på initiativtakarane. — At det blir avgrensingar på bruksendringa kan ein rekne med. Det går sikkert an å finne minnelege ordningar. Om vi skal få kjøpe kyrkja, er ei sak som må avgjerast lokalt, seier Moe.

Dementerer
Fugl Fønix Hotel har tatt ordførar Amund Enge til inntekt for at kyrkjekjøpet kan vere ein god ide. Men det blir resolutt dementert av ordførar Amund Enge. — Eg har aldri formulert meg slik hotellet presenterer det. Det er ein gjeng med kreative personar rundt hotellet, men i dette tilfellet har dei vore vel kreative. Dette forslaget kan ikkje vere heilt gjennomtenkt. Det knyter seg mange kjensler til kyrkjene våre og kommunen er fullt i stand til å ta vare på dei, er kommentaren Enge smeller igjen døra for forslaget med. Hotellsjef Asbjørn Moe trur derimot tida vil arbeide for at mange kyrkjer vil bli brukte til noko anna enn i dag.