Klar for urpremiere

— Det er forferdelig hektisk nå. Me hadde ein øvingsperiode med mykje byggjefolk rundt oss […]

— Det er forferdelig hektisk nå. Me hadde ein øvingsperiode med mykje byggjefolk rundt oss då det nye amfiet på samfunnshuset vart montert, men me er i rute. Ungane har vore veldig øvingsvillige, forsikrar Jostein Apeland, regissør og pådrivar av Barne- og ungdomsteater i Sandeid.
Fredag var han ute på rekvisitthandel i Haugesund. Det er «verstingane» i julestykket som ennå ikkje har fått alt kloningsutstyret til laboratoriet sitt.
— Å finna noko som liknar laboratoriumsutstyr er vanskelegare enn ein trur. Me har funne litt, men er ikkje nøgde med dei. Men kostyma er ferdige, og scenografien, som Sigrid Flesland har laga, vart sett opp på torsdag. Sigrid Flesland var kostymerådgjevar også, og foreldra sydde dei, fortel Jostein Apeland.
Dei unge skodespelarane vart kjente med manuset før sommaren, og likte handlinga veldig godt.
— Ungane likar resultatet også. Det er mykje spenning og juletradisjonar i spelet, så det vert ei fin framsyning. Det er berre litt finpuss som står igjen. På premierdagen kjem også manusforfattaren, komponisten og musikkarane, seier Apeland.
Det nye amfiet gjev ei betre oppleving for publikum også.
— Me har investert i litt dyrare stolar, slik at det vert meir komfortabelt å sitja i salen. Ljodkvaliteten i salen og sikt er mykje betre også, seier Jostein Apeland.