Klar med ny nettavis

Meir oppdatert på nyheter, fleire nettsaker, bloggar, lesarkommentarar, fyldig linkbase og bildegalleri både frå lesarar […]

Meir oppdatert på nyheter, fleire nettsaker, bloggar, lesarkommentarar, fyldig linkbase og bildegalleri både frå lesarar og redaksjon. Frå måndag av kan du klikka deg inn på ein heilt ny nettversjon av lokalavisa. Grannar sine nettsider har lengje vore ein utdatert del av avisa, men sterkare satsing på denne dele kravde nytt format og ny layout. I løpet av dei siste tre månadane har redaktør Arne Frøkedal og teknisk ansvarleg Arve Skogen, i samarbeid med dagleg leiar Åsmund Hamre, arbeidd fram rammene for den nye nettversjonen som nå vil sjå dagens lys.
— Dette blir nok ein merkedag for Grannar, og me håpar å få kontakt med lesarane våre på ein annan måte med ny nettside. Og lesarane vil merka stor fornying i form av eit større og betre innhald, seier redaktør Arne Frøkedal.

Friskt, men ikkje «flashy»

Det har vore lite fornying på Grannar si nåverande nettside, og talet på saker og tenester har vore avgrensa. Det er det Stavanger-baserte webutviklingsselskapet InBusiness som også står bak den nye generasjonen nettløysing grannar.no gjer seg i kast med. Likevel skal ikkje Grannar ta mål av seg å bli samanlikna med dei store nettavisene.
— På mange av dei større regions- og riksavisene er nettsidene veldig «flashy», med reklame og blinkande annonsar over heile sida. Auga klarer ikkje roa seg ved sakene. Nettsida vår vil bli eit supplement til papiravisa, og layout, fargar, annonse og oppdatering skal betrast og gje eit oversiktleg, brukarvenleg og friskt grannar.no, seier Arve Skogen.

«Les meir i papiravisa»
Nettavisene blir ein stadig viktigare arena, men for ei lokalavis på Grannar sin storleik, vil ikkje nettversjonen bli ei erstatning, men eit vedlegg til papiravisa. Likevel skal lesaren kunna få oppdatera seg på det viktigaste og dagsaktuelle i kommunane våre på nettsidene, seier redaktøren.
— Me er oppmerksame på påverknaden ei nettavis har på papirutgåva, og me skal ikkje brenna av krutet på nettet. Nettet er ein stadig viktigare arena, men hovudproduktet og fundamentet for Grannar vil framleis vera papiravisa. Men det vil bli ei fyldigare nettavis enn tidlegare.
Lesarane skal få presentert nye saker kvar dag, og skjer det store ting i Etne eller Vindafjord, skal Grannar.no vera på høgda av dette. Grannar på nett skal vera tidleg ute med store hendingar og konkurranseutsette saker, seier Frøkedal.

Startside
Allereie etter sterkare satsing på nyhendeoppdatering av grannar.no i haust, har nettrafikken auka. Lag og organisasjonar i kommunane har fått invitasjon om å leggja linkane sine på Grannar sine nettsider. Målsetjinga er at nettavisa med ein brei base linkar til eksterne sider lesarane dagleg vil ha bruk for, skal bli ein portal og ei startside for folk flest i Etne og Vindafjord.
— Me har allereie ein fyldig linkbase, og er opne for innspel frå publikum om andre element eller sider me kan leggja opp til på grannar.no, seier Skogen og Frøkedal, som også er på jakt etter lesarar som brenn inne med skrivetrong.
— Me opnar for blogging på sidene våre, og vil veksla litt på bloggarane våre. Dersom nokon er interesserte, må dei berre ta kontakt, oppmodar Frøkedal.