Det blæs ein vind av engasjement rundt klimaspørsmålet over store delar av verda. Statsminister Jens Stoltenberg har lansert ambisiøse mål for å redusere norske utslepp. Det har skapt jubel, men også kritikk.
Måla sluttar dei fleste seg til, men forslaget frå Ap har ein bismak når det opnar for at vi gjennom klimakvoter kan kjøpe oss fri frå å redusere utslepp av CO2 på norsk jord.
Skal Noreg gå føre som eit godt eksempel og ha ein truverdig klimapolitikk, må det bli betydelege kutt hos oss også. Det er ikkje nok å seie at det er uvesentleg kor kutta skjer, berre vi kan føre dei på Noreg sin konto.
Gjennom kutt på norsk jord, vil vi vise at alle må yte noko. Kjøper ein seg fri i utlandet, gir ein eit dårleg signal til land som gjerne vil opp på vesten sitt forbruksmønster.
Det skurrar litt dersom vi snakkar om kutt i norske utslepp dersom all reduksjon skal skje gjennom kjøp av klimakvoter i utlandet.
Sjølv om forslaget frå Ap har manglar, er det også fornuftig at Noreg kjøper klimakvoter i utlandet. Investerte kroner i primitive utslepp gir langt større effekt enn tilsvarande beløp brukt i Noreg.
Men her må ein ha to tankar i hovudet, og satse både på kjøp av klimakvoter i utlandet og å redusere utslepp her heime.
Ap og Stoltenberg har så langt ikkje gitt eit godt svar på om rike Noreg også skal gjere ein god nok innsats innanlands. Vi må også kunne vise til resultat på heimebane.