Kom inn i folden igjen

Bergsvåg stod i fare for å skaffe seg kaos i budsjettet dersom Ap gjorde alvor […]

Bergsvåg stod i fare for å skaffe seg kaos i budsjettet dersom Ap gjorde alvor å av å lage budsjett saman med Høgre og Frp. Dersom ordføraren kom i budsjettmindretal ville det bli eit solid nederlag.
Reidar Håvås risikerte derimot internt bråk på grunn av flørtinga med Frp og Høgre. Det fall ikkje i god jord i delar av partiet.

Måtte snakke saman
Splid blant tidlegare venner og budsjettkaos for open scene, skapte i seg sjølv behov for å snakke på kammerset før formannskapet kom saman til det siste budsjettmøtet på tysdag.
Arbeidet i kulissane var intenst i helga, før alle parti og lister hadde eit fellesmøte på måndag der ein stilte seg bak eit forslag til budsjett for 2007.
Det forløysande utspelet kom frå Arne Bergsvåg då han bestemte seg for å droppe eigedomsskatten i budsjettet for 2007. Senterpartiet har fronta kampen for eigedomsskatt for å skaffe pengar til drift og utvikling.
Ein del av denne kabalen var nesten to millionar kroner ekstra frå kommunalminister Åslaug Haga som gjorde budsjettarbeidet langt lettare.

Skatt nøkkelen
Bergsvåg lanserte forslaget om å utsetje eigedomsskatten til etter kommunevalet. Samstundes skal formannskapet arbeide med eit regelverk som dermed ligg klart neste gong saka blir tatt opp igjen.
Terje Halleland (Frp) fremja motforslag med å avvise eigedomsskatt, men han fekk berre støtte frå Terje Kleiven (Tverrpolitisk) og Tone Hatteland (H).
Reidar Håvås (Ap) la vekt på at ei utsetting er lokaldemokrati i praksis slik at veljarane kan få seie sitt om spørsmålet i kommunevalet neste år.

Blir ny debatt
Skatteforkjempar Oddvar Haugland (KrF) meinte også at det var uproblematisk å utsetje spørsmålet om eigedomsskatt.
— Det er lite realistisk å vedta noko no. Det er for lite som er bearbeidd og for mykje uferdig. Eg er ikkje redd for skinnet vårt dersom vi går inn for eigedomsskatt ved neste val, sa han.
Ingrid Steinsland (Bjoa bygdeliste) hadde ikkje registrert den store motstanden, men at folk er opptatt av korleis regelverket blir. Ho meinte difor at det er behov for å sjå på utforming og konsekvensar av eigedomsskatten før den blir tatt opp igjen.
Alt ligg dermed til rette for at eigedomsskatt blir den store valkampssaka ved valet neste haust.