Kom vidare til Oslo

Ine Kleiveland var nest sist av deltakarane på Idol-audition i Stavanger, og venta i ni […]

Ine Kleiveland var nest sist av deltakarane på Idol-audition i Stavanger, og venta i ni timar før ho endeleg kunne sjå dei fire dommarane i kvitauget. Fredag fekk tv2-sjåarane også vite at Kleiveland var blant dei 16 som kom gjennom nålauget.
— Det var lenge å vente, men det var verd det. Rett og slett kjempekjekt. Tone-Lise Skagefoss sa ja med ein gong, og alle dommarane slutta seg til etterkvart. Det var ingen som sa noko negativt, fortel 16-åringen som song «A Moment like this» av Kelly Clarkson.
Oslo neste
Fredag 3. februar får vi vite om Ine Kleiveland er blant dei 50 som skal knive om dei ti finaleplassane i Idol. Halvparten av 100 deltakarar frå heile landet får sjansen etter neste runde i Oslo.
Ho går på grunnkurs i hotell- og næringsmiddelfag på Kamsund videregående skole. I fjor deltok ho i ungdommens kulturmønstring i Vindafjord og kom vidare til fylkesmønstringa i Rogaland. Ho tar også timar hos songpedagog Frode Lindanger i Skjold.
— Eg har alltid likt å synge, heilt sidan eg lærte å snakke, fortel ho.
Tidlegare var ho vore med i kor, men i dag syng ho solo. Uansett korleis det går vidare i Idol, så vil ho halde fram med song på eigenhand.
Spesiell oppleving
— Song er ein del av meg, slik det alltid har vore, fortel Skjold-jenta som likar soul aller best.
Så langt er ho ikkje i tvil om at deltakinga i Idol har svara til forventningane. Det var ei spesiell oppleving å vere vitne til dei andre deltakarane som kom ut med jubel eller tårer etter møtet med dommarpanelet.