Handlinga går føre seg i stova til overrettssakførar Hans Hanemann, spelt av Øyvind Haakull. Han finansierer den flotte livsførsla si med pengar han får av tante Jutta i Calcutta. I «tiggarbreva» til henne skriv ungkaren at han har fått seg familie, og han diktar opp hendingar som gjer at dei treng pengar.
Når tante Jutta plutseleg dukkar opp i stova hans og vil helse på den nye familien, tilspissar handlinga seg. Publikum blir vitne til komiske forviklingar og rollespel for å få tanta til å tru at overrettssaksføraren verkeleg har ein familie. Fleire personar i omgangskrinsen hans blir frivillig eller ufrivillig blanda inn, og dei må spele dei oppdikta familiemedlemmene. Emil Bröckner, ein skodespelarvenn av overrettssaksføraren, blir kasta inn i rolla som kona. Johannes Hustveit er god i dette rolleskiftet. Han blir til ein komisk kvinnefigur som tuslar rundt i kimono og parykk, og må finne løysingar på strak arm når tanta Jutta stiller spørsmål kring amming og strikking. Ekstra forviklingar blir det når tante Jutta si adoptivdotter, spelt av Marita Kvigne, også kjem på besøk, og både overrettssakføraren og «kona hans» forelskar seg i henne.
Ingvar Johannesen blei også god i rolla som den tafatte, fomlete og godmodige hustenaren, etter at han ikkje var heilt overbevisande i starten. Hans stadige og stødige «jau» som kommentar til hysteriet rundt han, vekte latter i salen.
Veronika Frøyland i rolla som tante Jutta, var nok den som blei lagt best merke til på scena i Skjold. Den unge skodespelaren greidde verkeleg å omskape seg til ei gammal tante frå utlandet, og ho stod fram som ei gnistrande Jutta. Med kraftig ansiktsmimikk og eit komisk kroppsspråk, blei ho som ein parodi på den strenge, danna, og litt naive, tanta frå utlandet.
Tradisjonelt teater
Stykket er godt regissert, og skodespelarane forsvinn ut og inn av scena akkurat i rett tid til at situasjonskomikk kan oppstå. Tante Jutta kjem gjentekne gonger inn i stua på «feil» tidspunkt, og det opnar for stadig nye misforståingar og bortforklaringar.
Men noko nyskapande eller samtidsprega er det ikkje ved oppsetjinga til U.L Skjoldafjord. Den er snarare klassisk stilen, med rollefigurar som er komiske fordi dei blir karikerte og parodiske, og med kostyme og kulissar som er underhaldande i sin «bad taste»-stil.
Stykket er likevel god underhaldning, og skodespelarane såg ut som dei koste seg på scena. Publikum gav respons med latter og spontan applaus. Men kanskje ungdomslagsteateret ville gjere seg endå meir interessant i framtida ved å satse på noko fornyande?
«Tante Jutta fra Calcutta» har to oppsetjingar til i bygdahuset i Skjold neste helg.