Kosa seg trass i regnvêr

Familien Leite frå Sandeid og Stavanger trassa regnvêret laurdag, og inntok grillmaten under open himmel. […]

Familien Leite frå Sandeid og Stavanger trassa regnvêret laurdag, og inntok grillmaten under open himmel.
— Me sit her berre på grunn av bikkja, seier Aslaug Leite. Hunden Tinka snappa ivrig til seg nokre godbitar frå grilltallerkenen.
Med luer og hetter prøvde familien å halda regndropane unna som kom fram innimellom, men om ikkje vêret var heilt topp, var det i alle fall ingenting å seia på maten.
— Sabla gode koteletter, seier Tom Leite. Han er opphavleg sandeidbu, men bur nå i Stavanger med familien sin. Når Kystkulturdagane står på programmet, plar han og familien alltid reisa til Sandeid.
— Me skal kikka litt rundt etterpå. Det plar vera koseleg, seier kona Bente Leite.

Treff gamle kjente
Harry Hansen og Laila Johansen frå Sandeid hadde trekt inn i teltet etter at dei hadde kikka rundt på dei ulike standane.
— Vêret bryr eg meg ikkje om. Det er masse folk å sjå og slike ein berre ser ein gong i året, seier Johansen.
Rannveig Mattingsdal var ei av 300 som jobba dugnad ved Kystkulturdagane, og ho heldt kontroll med grillen. Ho var truleg ei av få som var nøgd med den kjølege temperaturen.
— Eg står her med tårer i augo. Det er godt det ikkje er så varmt ute, seier Mattingsdal, og fortel om bra sal av grillmat.
Godt sal såg det også ut til å vera på Kaibakeriet. Der var det rift om bollane, og bakar Lars Berner Rødne hadde si fulle hyre med å halda tritt med den lange køen.
— Me kjem vel opp i 2.000 bollar alt i alt. Me har hatt litt problem med straumen, men nå går det godt igjen, seier Rødne, medan han gjer klar eit nytt brett med skillingsbollar.

Gjensyn med veteranskip
Også veteranskipet «Rogaland» var på plass i Sandeid i år, eit gledeleg gjensyn for den eldre generasjonen.
— Båten har gått i rutefart her før, seier Bjørn Andersen, dagleg leiar for stiftinga og veteranskipslaget.
Han skrytte av engasjementet til folk.
— Både blant unge og eldre er det ei veldig interesse for båten og det me held på med. Det er toppane i året når me får koma rundt og visa fram båten, seier Andersen.

Masse godteri
Fredrik Leite (6) og Håvard Rørtveit (6) frå Sandeid var fascinert over fiskane som symde rundt i eit lite basseng på Kystkulturdagane.
— Dei er litt fine, seier Fredrik.
— Veit de kva fiskane heiter?
— Det er torsk, og det er raudspette, seier Håvard medan han peikar på fiskane.
Gutane tykte det var kjekt å studera fiskane, men det er ein ting til som er endå betre med Kystkulturdagane:
— Me får eta masse godteri, seier dei.

Nær 5.000
Kystkulturdagane blei arrangert for niande gong, og leiar Torleif Knutsen er positivt overraska over frammøtet. Søndag ettermiddag tippa han at rundt 4.500 menneske hadde vore innom i løpet av helga.
— Det har gått veldig, veldig bra trass i vêret. Det har vore suksess, seier Knutsen. Han meiner at også fleire og fleire utanbygds frå finn vegen til Kystkulturdagane.
— Alt har stemt. Omsetninga har vore veldig bra, folk har handla og har lagt frå seg pengar, seier Knutsen, som allereie er byrja å tenka på ti års jubileet til neste år.