KrF – svar til Folkets Røst

Bustadtomter i kommunal regi – Det er viktig at kommunen har bustadtomter i alle bygder […]

Bustadtomter i kommunal regi – Det er viktig at kommunen har bustadtomter i alle bygder for å auke busetnaden. Å ha mange tilrettelagde kommunale tomter bind opp ein del av kommunen sin økonomi. Eit samarbeid med private utbyggjerar kan difor vera ei tenleg løysing.
Grendeskular – Levande bygder er eit nøkkelord for Vindafjord kommune. Skal det lykkast, vil KrF arbeide for oppretthalde tilbod om 1.-7. årssteg i alle ni bygdene.
Informasjon – Referata frå møta i formannskap og kommunestyre vert lagt ut på kommunen si heimeside kort tid etter at møta er haldne. Mange har i dag høve til å finne denne informasjonen via internett , og det er difor viktig at vedtaka ligg ut på nettet dagen etter møta.
Sjukeheimsplassar – KrF vil arbeide for at det skal vera tilstrekkeleg kapasitet på omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar. KrF vil og arbeide for å opne stengde sjukeheimsplassar. Skal ein nå desse måla må ein nytta omsorgsheimane både i Vats og Ølen som i dag.
Pensjonattomta – I dag ligg tomta på vent. Tomta bør vera del av ein heilskapsplan for Ølen sentrum. Kommunen bør kjøpe området og leggje det til det gamle kommunehuset.
Miljøprioritert gjennomkjøring i Ølensvåg – E-134 er skuleveg for mange i Ølensvåg. Redusert fart vil vera eit positivt tiltak for å trygge ein farleg skulevegar. Det må arbeidast vidare med å finne ei betre løysing for trafikken frå Favnabø til Opheim.
Gebyr – Vindafjord kommune har i dag fått ein del gebyr som er i høgaste laget. KrF vil ved neste gjennomgang av pris og takstheftet sjå kritisk på ein del gebyr som prisar oss ut når me samanliknar oss med nabokommunane.
Høgfartsbane – Høgfartsbanen er eit godt tiltak for å miljøvennleg transport og samferdsel. KrF vil øve politisk trykk for å realisere Haukelibanen.
Høgde på hus i Ølen sentrum – Bustadblokker må tilpassat i området dei skal byggjast slik at dei ikkje vert for dominerande. Dei må harmonera med busetnaden og terrenget rundt.
Kommunal handlefridom – Handlingsfridom er å ha ei drift som samsvarar med dei statlege overføringane, andre kommunale inntekter og utgiftene til drift av kommunale oppgåver. Eit årleg overskot på nokre prosent, gir kommunen høve til nye tiltak eller investeringar. Det gir òg rom for eit betre tenestetilbod for innbyggjarane. KrF vil prioritera eit godt og trygt oppvekstmiljø for barn og unge, og me vil gje dei eldre trygg og god omsorg.
Grupper som av ulike årsaker og i ulike fasar av livet slit med økonomiske problem og utryggleik i kvardagen, må prioriterast.

Leiv Karsten Medhaug
Vindafjord KrF