Strålande bergingsaksjon

Alt morgonen etter at Kristen var sakna,  såg me Kystvakta på plass på hamna,  og […]

Alt morgonen etter at Kristen var sakna,  såg me Kystvakta på plass på hamna,  og i radio fekk me høyra at både politi og Røde Kors var i sving med stor leiteaksjon.  For eigen del tenkte eg at saka var i gode hender,  og det fall meg faktisk ikkje inn at eg kanskje skulle ha meldt meg til teneste.  Det undrar meg derfor og er skuffande når  Olav Sævareid midt i gleda over alt som gjekk så godt,  nyttar høvet til å koma med eit lite «spark»  til bygdefolket.  «Det bur eit stort bygdedyr her i bygda»,  seier han til Grannar,  og  viser til at få bygdefolk melde seg til teneste.   Her trur eg Olav Sævareid tar heilt feil.  Eg veit ikkje kor mange frå bygda som var med i leiteaksjonen,  men eg tippar at svært mange tenkte som eg:  Kristen kan ikkje ha kome særleg langt frå heimen,  og her har me på plass profesjonelle bergingsfolk av første klasse.  Dette må berre gå bra!
Etter mi vurdering og erfaring er det svært lite å sjå til bygdedyret i Skånevik.   Sjå på dugnadsånda som gjer seg gjeldande ved alle typar arrangement!  Og  mine  23 år ved Frihamnsenteret har vist meg at bygdefolket syner ei heilt eineståande omsorg for framande.  Mange av dei kan ikkje fullrosa bygda for den måten dei har blitt møtt på.
Det er ikkje mangre krinsbygdene, ikkje berre i Sandeid. Derfor hadde to dagar med opningstid frå ettermiddag til kvelden gjort biblioteket meir tilgjengeleg for barn i krinsane, meiner Apeland.