Kva er Etne i mot?

For ei tid sidan stod han fram i pressa med ein Pol-pose dinglande i handa, […]

For ei tid sidan stod han fram i pressa med ein Pol-pose dinglande i handa, og med eit sterkt ynskje om at bygda snarast måtte få sitt eige brennevinsutsal. Ikkje lenge etterpå reklamerar han for fransk konjakk, og går ikkje av vegen for å bruka kommunalt tilsette i sin iver. Ein franskmann hadde fått ideen om å marknadsføra varene sine i namnet åt terroristen Erling Skakke, og ordføraren hoppar når franskmannen ropar: hopp!
Er det nokon som trur at Etne kommune, med noverande leiing, kjem til å gjera noko som kan motverka rusproblema?
For ein del år sidan, då Gro Harlem Brundtland var generalsekretær i Verdens helseorganisasjon, sende denne organisasjonen ut ei oppmoding til medlemslanda om å setja i verk tiltak for å redusera alkoholforbruket med 25 prosent innan eit visst årstal. Her til lands vart dette oppropet sendt vidare ut til alle kommunar, og i Etne gav dei styrande samrøystes si tilslutning. Kan ordføraren fortelja kva Etne kommune har gjort i den samanheng, og kva som er oppnådd?
Har ordføraren fått med seg forskingsresultata, som fortel at 33 prosent av korttidssjukefråveret, og 15 prosent av langtidssjukefråveret skuldast alkohol? I ei tid der kostnaden med sjukeløn har vore det store stridsemnet i arbeidslivet, er det utruleg at politikarane ikkje ser potensiale dei her har for innsparing.
Grannar for 9. november har store oppslag om rusproblema i distriktet, og redaktøren avsluttar leiarartikkelen med: «Det viktigaste er kvar einskild si halding». Ordføraren si haldning kjenner me, og ingen som ynskjer mindre rusproblem treng sjå den vegen etter hjelp.
Med sidan han er så full av virketrang, så kanskje han no kan få fortgang i å få gang- og sykkelveg langs E134 frå Etnesjøen mot aust, og få vekk trafikkfella ved Auenbekk? Det er kanskje ikkje så gildt å arbeida med som høgtsvevande turistplanar i Åkrafjorden, og pubertetsfantasiar med utgangspunkt i Langfoss, men eg trur det er viktigare for bygda.

Helsing
Jakob Eskeland