Kva skil KrF og FrP?

Skal eg røysta KrF  eller skal eg i år velja FrP,  spør dei seg.  Tvilen har […]

Skal eg røysta KrF  eller skal eg i år velja FrP,  spør dei seg.  Tvilen har i nokre tilfelle vore grunngjeven med haldningar til Israel  og med synet på rettferd for dei eldre.
Når eg har møtt denne tvilen, har eg tenkt med meg sjølv, at han må ha si rot i at dei det gjeld, ikkje har skaffa seg fullgod kunnskap om kva FrP  eigentleg står for på viktige samfunnsområde.  For det kan vel ikkje vera så at styrken i ordbruken om Israel og dei eldre har vore så intens at dei trur FrP er dei einaste som er sanne Israelsvener og jamt står på barrikadene for dei eldre?
Eg kan ikkje skjøna anna enn at dei som går med denne tvilen, har oversett heilt sentrale postar i FrP sitt program, mellom anna desse:
 
1. FrP ynskjer fri flyt av alkohol, inklusive omsetning av vin og brennevin i daglegvarebutikkane. Dette er eit standpunkt som ville føra med seg dramatiske samfunnsmessige konsekvensar om det vart gjennomført.  Vinmonopolet skal bort i fylgje FrP.
2. FrP går inn for å endra bioteknologilova på ein slik måte at det skal bli høve til å bruka påbegynt menneskeliv til forskingsføremål, for deretter å kasta det som avfall. Dette kan ikkje vera mindre enn ei krenking av menneskeverdet.
3. FrP seier ikkje nei til fri abort og vil dermed behalda den abortlovgjevinga me har i dag, der ansvaret for om eit menneskeliv skal leva eller døy, blir totalt privatisert.
4. FrP vil redusera u-hjelpa med milliardsummar. Sett i lys av den enorme naud som er i verda, er vel ei opptrapping av hjelpa til dei fattigaste den einaste moralsk forsvarlege løysinga?
5. FrP vil fjerna alle restriksjonar på sal og vising av pornografi, m.a. at «sladden» på fjernsynsskjermen skal bort.  Dette er ei krenking av kvinners menneskeverd og stikk i strid med det t.d. KrF står for.
Eg vonar med desse linjene å ha medverka til at ein god del veljarar har fått rydda all tvil or vegen.
 
Skånevik, 23.08.05.
Hans Olav Tungesvik,
tidlegare stortingsrepresentant KrF