Landbrukskommunen Vindafjord

Ein artikkel om Inger Rosenfeldt og Den Blinde KU fanga mi interesse. Der kunne passasjerane […]

Ein artikkel om Inger Rosenfeldt og Den Blinde KU fanga mi interesse. Der kunne passasjerane lese om eit nedlagt Tine meieri i Vikedal. Inger Rosenfeldt saman med 83 mjølkeprodusentar danna Ryfylkemeieriet AS for produksjon av ost. Produksjonen er på over 300.000 kg pr. år, og bærer seg nå økonomisk, kan passasjerane på alle SAS-flya lese. Ivrighet, snarrådighet frå gardbrukarane gjorde at Vikedal har fått ein bedrift med auka verdiskaping frå landbruket i bygda, og nye arbeidsplassar.
Slikt er kjekt å lesa frå heimkommunen sin, når ein er ute å flyg. På same tida kan ein lese i avisa om Gilde Norsk Kjøtt lammekongress, kor dei har delt ut fem prisar, og heile to stykkje gjekk til to gardbrukarar i Vindafjord for den beste leverte lammeslakta til Gilde.
Slike ting vitnar om eit landbruk med høg kvalitet i Vindafjord, og gardbrukarar med initiativ og driv.
Nye Vindafjord vil bli den 5. største jordbrukskommunen i landet. Det er viktig at den nye kommunen støttar opp om landbruket på same nivå som i dei to nåverande kommunane. Landbruket i Noreg er under sterkt press frå mange kantar, ikkje minst politisk frå Storting og Regjering blir det øva press på landbruket. Derfor er det særs viktig at den kommunale landbruksetaten oppretthaldast på eit høgt nivå, og er ei god støtte for landbruket og den einskilde gardbrukar!

Reidar Håvås
Ordførar i Vindafjord