— Føraren av den eine bilen mista kontrollen over bilen i ein sving, og kom på tvers over i den andre vegbana og kolliderte med ein møtande bil. Det var snøføre og glatt, men ut over det veit vi ikkje noko om årsaka til ulukka enno, opplyser politibetjent Roger Løkken ved Vindafjord lensmannskontor.
Sjåføren som miste kontrollen, var aleine i bilen, medan det var tre personar i den møtande bilen som kom frå Knapphus. Begge sjåførane frå Bokn (20) og Etne (25) vart lettare skadde, medan passasjerande også vart frakta til Haugesund sjukehus for kontroll.
Ulukka vart meldt frå AMK til politiet klokka 07.27, og to ambulansar og redningsbil frå Vindafjord brannvesen rykte ut. Bilane stod i den same vegbana etter ulukka, og det var berre kortare stopp i trafikken på E134 i samband med bilberginga.
Lettare skadde i møteulukke
— Føraren av den eine bilen mista kontrollen over bilen i ein sving, og kom […]