Korleis forslaget skal gjennomførast i praksis er for mange eit stort spørsmål. For forhandlarar kan dette bety uventa investeringar for å leggja til rette for båtfolket.
Framleis er det nemleg fleire grupper som skal nyta godt av den avgiftsfrie dieselen. Registrerte kystfiskarar og bønder er blant dei. Dermed risikerer forhandlarane å måtte ha dobbelt opp med tankar og pumper for å tilby dei ulike gruppene den dieselen dei skal ha.
Argumenta for den nye avgifta på diesel til fritidsbåtar er at samfunnet er påført auka kostnadar i form av ulykker, støy og miljøskadelege utslepp. Samstundes er fritidsbåtar som brukar bensin alt pålagt ei slik drivstoffavgift.
At auken av fritidsbåtar er stor er det ingen tvil om. Slik sett kan ein forstå argumenta. Og dersom avgifta fører til mindre bruk av fritidsbåt, kan ein få ein gevinst på desse områda. Men det er neppe det som skjer. Ei ny avgift løyser ikkje desse problema.
Drivstoffet vert vel tre kroner dyrare per liter. Det er ikkje eit argument mot innføringa. Problemet med forslaget er derimot konsekvensane det vil medføra som ikkje er gjennomtenkte på førehand.
Forslaget vil i praksis føra til eit meir tungvint system. Meirarbeid vil det også bli når kontrollørar skal sjekka kva drivstoff fritidsbåtane har ombord, dersom det i heile tatt vert kontrollar på dette området.
Inntektene til staten er heller ikkje spesielt store. Rundt 20 millionar kroner ekstra kjem inn i statskassa kvart år.
Den økonomiske gevinsten vert dermed ikkje så stor at forslaget kan forsvarast. Kronene kjem neppe kystmiljøet til gode heller. Det beste vil vera å droppa dette forslaget og heller koma tilbake med noko som er meir gjennomtenkt og som vil bety meir for både miljø og ulykker på sjøen.