Mange har reagert på byggestilen, og det kan virka som om eit fleirtal synes dette er eit stort, mørkt og stygt bygg som skjemmer den vakre Etnebygda. Alle har ei meining om arkitekturen her i bygda, både dei som har sett bygga ferdig, uferdig og faktisk ikkje sett det i det heile, verkar det som.
Eg har seks år med kunstutdanning/visuelle fag med kunsthistorie der arkitektur òg er ein del. I kraft av dette føler eg at eg iallfall har litt bakgrunn for å uttala meg på eit visst fagleg grunnlag i tillegg til min eigen personlege smak. Smak er noko me alle har, og den er jo som alle veit, delt.
Eg er faktisk ikkje er einig med det som ser ut til å vera fleirtalet i denne saka. Eg vil retta tommelen opp for dei som står bak senteret, som har satsa på dette bygget og etter mi meining gjort gode val når det gjeld form og materiale. Her er det brukt polerte steinelement i larvikitt og enkle, stilreine metallplater samt sota vindauge som går godt til dei andre materiala og skapar harmoni og heilskap. Enkelt og estetisk.
Ja, det er stort, og det må jo eit kjøpesenter vera. Difor er det viktig at me tar omsyn til det når me ser på bygget. Dette er ei problemstiling ein kjem over når ein skal teikna så store bygg. Å gjera det enkelt er ein fin måte å dempa inntrykket av storleik.
Til å vera eit kjøpesenter synes eg dette er eit godt resultat og langt betre enn mange andre slike bygg rundt oss, som elles har ein tendens til å enda opp som merkelege tilnærmingar til vanleg byggeskikk og ofte med billige materialval.
Det eg meiner, er at me kanskje må opna oss litt opp for ein moderne tankegong. Sjølv om det er mykje flott innan den tradisjonelle byggestilen, trur eg ikkje at fjøs og stabbur bør vera einaste estetiske mal og utgangspunkt for dei nye bygga som blir satt opp. Ja, det er fint at mange pussar opp gamle hus og tek vare på dei få gamle bygga som er rundt om på bygdene. Me har sikkert alle klart i minne saker om gamle hus som står i fare for å verta fjerna, og skrekkhistorier frå fortida om uerstattelege bygg som forsvinn over natta.
Men oppi denne kjærleiken for det gamle koselige, meiner eg at me bør visa at me samtidig kan vera framtidsretta og nyskapande.
Me må skapa vår tids uttrykk.
Til slutt: God Jul i hus, hytte, fjøs, stabbur, funkis- eller husbankhus. Det viktigaste er jo tak over hovudet, tross alt.
Jan Terje Rafdal